Ja, her har det altså gått aldri så heitt for seg.
Eg har hatt siste skriftlege eksamen, noko som gikk riktig så flott, håpar eg. Ellers var eg everywhere på fredag. Førde, Jølster, random stad mellom Førde og Jølster, litt her og der... Fin kveld, fin kveld. Laurdag var det sommarfest i Førde, noko eg ikkje gadd å reise på. Eg drakk meg derimot passeleg berusa og såg mitt snitt til å tilbringe tid med a certain someone. Det var fint og flott.
Juni er i full gong, og i går fann eg fram ei god speleliste på spotify. Den består stort sett av svensk sommarindie, og i slike gode tider som dette, skal ein ikkje klage på det. Eg har også funne ut at eg har ein vanleg skuledag, fotballdagen og munnleg eksamen att av vidaregåande. Happy times, happy times.
Ellers ser eg jo riktig så mykje fram til sommaren, som skal bli den beste sommaren i mitt liv. Det skal bli riktig så flott å avslutte den med Øyafestivalen. ooooooooohyeah!
Moneybrother - Dom Vet Ingenting Om Oss
Helsing Sjur.
søndag 7. juni 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar