JA, DETTE HADDE DE ALDRI TRUDD! EG SIT FAKTISK HER OG BLOGGAR ATTER EIN GONG!
Eg er sånn passelig full og har hatt ein heller OK kveld ute.
Kva eg har hatt med å gjere i det siste, seier du? jo det skal eg fortelle deg.
-Jobb
-Eplekjekke skitungar
-Slikt ein må gjere(data, gitar, katt, tv...)
-Ho der som er heilt fantastisk
Ellers sit ein no og høyrer på ein særs fin sang av The Smiths, som er eit av dei betre banda der ute. Nett no høyrer eg på Panic, for den er riktig så flott.
HEI OG HÅ!
Helsing Sjur.
søndag 20. desember 2009
søndag 11. oktober 2009
JANGDANGADFOaSFASOKIfd
ÆRFH!!!!!
Hei og hallo, kjære sjømenn!
For ei tid vi lever i! Reine framtida! No for tida har eg ikkje hatt det spesielt travelt, og eg har stort sett gitt ein god sjømann i heile blogginga. Dei siste to vekene har eg vore litt her og der, blant anna nede på Madla, der dei skulle ha meg til å bli krigar. Etter ein nøye legesjekk innsåg dei at eg var sjølvaste superhelten i eigen person, og meinte at eg var for farlig og burde berre bli holdt hemmelig. Så eg vart sendt heim etter om lag 14 timar i det norske forsvar. Kjekt.
Sidan slutta eg i jobben som barnehageonkel, og tok opp ei karriere som feriemann. Den karriera er ferdig i morgon, for då skal eg bli superlærar ved Førde Ungdomsskule. Knalltøft!
Ellers høyrer ein på kul musikk og slappar av.
Helsing Sjur.
The Killers - Mr. Brightside(Jacques Lu Cont's Thin White Duke Remix)

søndag 23. august 2009
dance dance dance dance dance to the radio
Ja, då var det søndag, og eg sit no her og høyrer på Joy Division.
Dette har vore litt av ei helg. Eg har ikkje inntatt så mykje som ein dråpe alkohol, og har heller vore fornuftig og sett film og slikt med vener. I morgon er det mandag, som betyr at eg må tilbake på jobb, og høyre på ungar som gret, samt ho der irriterande jenta som snakkar finbergensk og masar konstant.
Men no må eg seie takk og farvel, for no er det snart West Ham - Tottenham, og det vil eg gjerne ta ein kikk på.
Joy Division - Disorder

onsdag 19. august 2009
he came dancing across the water with his galleons and guns
TJOHEI!
Ja no, altså.
No har eg vore i Oslo og slikt. Der var jo den der Øyafestivalen. Der såg eg mange stilige band, og var med ei som er heilt fantastisk. Eg var også på ein stilig butikk og spelte på ein stilig gitar. Den skal kjøpast når lønninga kjem.
"lønninga? du har då ikkje jobb, Sjur!"
JO DET HAR EG FAKTISK!
No for tida jobbar eg på småbarnsavdelinga i ein b(j)arnehage. Det er slitsomt, og ungane er langt frå like flinke som meg til å prate, og eg må stadig svare dei på spørsmål etter beste evne, sjølv om eg ikkje skjønar noko av kva dei seier. Gud, kor kjekt.
Så sånn er no det.
Premier League er i gong, og sjølvsagt måtte verdas kulaste lag tape i første kamp, takka vere ein upålitelig venstreving, ein sliten midtstoppar, og ikkje minst ein tilbakeståande dommar. not cool. Seinare i kveld slår dei tilbake som aldri før, då dei knuser Stoke 99999999999 - 0.
Epic26 - Perfect Exceeder fordi den er mykje stiligare enn originalen.

lørdag 1. august 2009
HALLO!!!!!
Jadda, folkens!
Du og du, no er det lenge sidan eg har skrive noko her, og endå lenger sidan eg har skrive noko som i det heile tatt kunne vore interessant å lese. Ryktet seier at ei viss ung frøken, som eg vekslar spytt med frå tid til anna, stadig er inn her og ser etter nye innlegg som aldri kjem. Slik skal det ikkje vere, så derfor skriv eg her no.
Kva har skjedd sidan sist? Ikkje stort. Eg har jobba litt, irritert meg over at folk er vekke når eg er heime, men heime når eg er vekke, spelt gitar, spelt risk med folk og vore altfor lite med andre. Når eg nemner risk, så er det fordi eg har ei rimelig komisk fortelling frå i går om akkurat det. Han Halvor var i ferd med å ta over heile verda, og var no i ferd med å kverke han Sondre. Svake som eg og Sondre var, inngikk vi ein avtale om å stå samla mot han Halvor. Når min tur omsider kom, gav eg faen og angreip han stakkars Sondre. Då lo vi alle, utanom Sondre. Det var komisk.
Her i forrige veke bestemte eg meg for å ikkje flytte til Bergen, og heller bli heime i endå eit år. Dette har sine positive og negative sider, merkar eg. Eg får prioritert det som held meg gåande for tida meir, eg tener pengar og slepp å tenke på utgifter. På den andre sida, må eg vere i Førde. Men eg får låne ein bassgitar og eit keyboard det første halvåret, så her kan det dukke opp ein del komisk musikk framover.
Eg som har ferie, har mista heilt tidsbegrepet, og eg merkar at det er laurdag i morgon. Forrige laurdag drakk eg meg lettare full og såg verdas beste band, Motorpsycho. Dei spelte Greener, og ein overlukkeleg Sjur sang med på første rad. I morgon skal eg derimot helle i meg ei flaske raudvin og møte min betre halvdel.
Eg har verkeleg ingenting å skrive om nett no, og derfor reddar eg meg inn med eit bilde av meg sjølv som kosar meg med iskake.
Og heilt til slutt hiver eg inn låta med tidenes mest truverdige "I love you" i.
The Moody Blues - Nights in White Satin

mandag 6. juli 2009
lørdag 27. juni 2009
Abonner på:
Innlegg (Atom)