TJOHEI!
Ja no, altså.
No har eg vore i Oslo og slikt. Der var jo den der Øyafestivalen. Der såg eg mange stilige band, og var med ei som er heilt fantastisk. Eg var også på ein stilig butikk og spelte på ein stilig gitar. Den skal kjøpast når lønninga kjem.
"lønninga? du har då ikkje jobb, Sjur!"
JO DET HAR EG FAKTISK!
No for tida jobbar eg på småbarnsavdelinga i ein b(j)arnehage. Det er slitsomt, og ungane er langt frå like flinke som meg til å prate, og eg må stadig svare dei på spørsmål etter beste evne, sjølv om eg ikkje skjønar noko av kva dei seier. Gud, kor kjekt.
Så sånn er no det.
Premier League er i gong, og sjølvsagt måtte verdas kulaste lag tape i første kamp, takka vere ein upålitelig venstreving, ein sliten midtstoppar, og ikkje minst ein tilbakeståande dommar. not cool. Seinare i kveld slår dei tilbake som aldri før, då dei knuser Stoke 99999999999 - 0.
Epic26 - Perfect Exceeder fordi den er mykje stiligare enn originalen.
Helsing Sjur.
onsdag 19. august 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar