Du og du, no er det lenge sidan eg har skrive noko her, og endå lenger sidan eg har skrive noko som i det heile tatt kunne vore interessant å lese. Ryktet seier at ei viss ung frøken, som eg vekslar spytt med frå tid til anna, stadig er inn her og ser etter nye innlegg som aldri kjem. Slik skal det ikkje vere, så derfor skriv eg her no.
Kva har skjedd sidan sist? Ikkje stort. Eg har jobba litt, irritert meg over at folk er vekke når eg er heime, men heime når eg er vekke, spelt gitar, spelt risk med folk og vore altfor lite med andre. Når eg nemner risk, så er det fordi eg har ei rimelig komisk fortelling frå i går om akkurat det. Han Halvor var i ferd med å ta over heile verda, og var no i ferd med å kverke han Sondre. Svake som eg og Sondre var, inngikk vi ein avtale om å stå samla mot han Halvor. Når min tur omsider kom, gav eg faen og angreip han stakkars Sondre. Då lo vi alle, utanom Sondre. Det var komisk.
Her i forrige veke bestemte eg meg for å ikkje flytte til Bergen, og heller bli heime i endå eit år. Dette har sine positive og negative sider, merkar eg. Eg får prioritert det som held meg gåande for tida meir, eg tener pengar og slepp å tenke på utgifter. På den andre sida, må eg vere i Førde. Men eg får låne ein bassgitar og eit keyboard det første halvåret, så her kan det dukke opp ein del komisk musikk framover.
Eg som har ferie, har mista heilt tidsbegrepet, og eg merkar at det er laurdag i morgon. Forrige laurdag drakk eg meg lettare full og såg verdas beste band, Motorpsycho. Dei spelte Greener, og ein overlukkeleg Sjur sang med på første rad. I morgon skal eg derimot helle i meg ei flaske raudvin og møte min betre halvdel.
Eg har verkeleg ingenting å skrive om nett no, og derfor reddar eg meg inn med eit bilde av meg sjølv som kosar meg med iskake.

Og heilt til slutt hiver eg inn låta med tidenes mest truverdige "I love you" i.
The Moody Blues - Nights in White Satin
Helsing Sjur.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar