tirsdag 31. mars 2009

TJOOOOOOOOOO!!!!!!

Eg skal ha meg nye briller, og eg skal lese til Kommunikasjon og Kultur(aka faget der alt MÅ på død og liv vinklast på ein måte som får oss stakkars menn til å sjå ut som beist med ingen andre mål i livet enn å trakke på kvinner. koman! eg ELSKAR jo kvinner! Vi lever i 2009! Sprekk 70talsbobla di, fru lærerinne!). jadda.

POENGET ER:
- resten av dagen = not cool
- meg + briller = cool

Nokon burde ta knekken på Manowar, fanskaren deira(finst den eigentlig?) og andre band av den typen. Eg meiner, 50-60 år gamle menn som kler seg opp i noko som kunne sett ut som Conan-inspirerte gaysexoutfits og syng om sverd, dragar, slagmarker, økser og magi...

BROTHERS EVERYWHERE! RAISE YOUR HANDS INTO THE AIR! WE'RE WARRIORS! WARRIORS OF THE WORLD!

Morrissey - Everyday is Like Sunday

Helsing Sjur.

Lat oss sjå tilbake på det herrens år 2007

2007 var litt av eit år. Eg ramla og slo meg, eg såg Rolling Stones, eg kasta stein i vatnet ÅGSÅVIDERE.
Poenget er at den skikkelig rå indierockbanden Dinosaur Jr. gav ut albumet Beyond, og det synest eg at du skal sjekke ut. jeppjepp!! Legenden fortel at dei spelte på Øyafestivalen i fjor, men der var ikkje eg, så eg fikk ikkje sett dei. Det var jo relativt leit.

Elles har eg fjerna ei visdomstann i dag, og det var jo sabla kjekke greier. Heilt til bedøvinga gikk ut. Det gjorde vondt, og eg fikk mest lyst til å male ein oter i sinne. NOT COOL. Eg kom til skulen med ein stor blodabsorberande dott i munnen, og eg såg ut som ein fisk. Det må ha vore litt av eit syn. Ikkje berre må eg leve på smertestillande i to-tre dagar. Nei, eg må søren meg ete skikkelig kjip mat også. ææææfhhdh!!

Elliott Smith - Son of Sam

Helsing Sjur.

søndag 29. mars 2009

SJÅ HER, JENTER!

No har eg altså ordna både fargar og profilinformasjon, og ordna header. No synest eg bloggen byrjar å bli riktig så elskbar, og eg vert ikkje overraska om de på grunn av dette vert forelska i meg.

The Bravery - The Ocean

Helsing Sjur.

torsdag 26. mars 2009

Nei, dette må det bli slutt på.

Dei som kjenner meg, veit at dette med trening er eit tungt tema for meg. Eg synest det er fjasete og lite givande å ligge og dra i ting med så og så høg vekt. Då dreg eg heller i andre ting(Nei, ikkje penisar. Tau, halen til katten, skjegget mitt eller ledningar er betre døme). Trass i dette, synest eg at det er fæla flott å gå tur. Det var nettopp det eg svei av ein god halvtime på no i kveld. Eg gikk frå huset mitt, ned til barneskulen, ned der med Vie og opp i Vieåsen, for så å returnere heim(eg veit du bryr deg). Slikt er ein ypperleg sjanse til å skru på litt god musikk, tenke over ting og til å gjere det eg aller helst vil; sjå på damene.
Dette med å sjå på damene er ein aktivitet eg brukar mykje energi på. Og når ein går tur, er det endå kjekkare. Då kan ein sjå dei i auga, lette på hatten og seie "jaså, unge frue? De er ude og gaar eres aftenrunde?" eller ein kan gjere noko anna. Med slike triks kan ein ikkje berre utvide sin sosiale krets - nei, ein kan tilogmed finne sin neste brud. Slik gikk det altså ikkje med meg i kveld. Eg såg ikkje ei einaste vakker kvinne, og heller ikkje kvinner som såg ut til å vere heilt fantastiske på innsida, trass i ein ikkje like vakker utsjånad. Alt eg fikk sjå, var middelaldrande kvinner som gikk tur med hundane sine, lite tiltrekkande kvinner, og folk som jogga i ei heidundrande fart. Dette synest eg er heilt forkasteleg.

Catherine Wheel - Gasoline

Helsing Sjur.

onsdag 25. mars 2009

FEM HEILT RÅ ALBUM!!!

Dette er eit innlegg eg fikk så sabla lyst til å skrive.

Ride - Going Blank Again [shoegaze/alternative/indie]


The Smiths - Meat is Murder [indie/alternative]


Radiohead - OK Computer [rett og slett berre Radiohead]


The Bravery - The Bravery [alternative/indie]


Og til slutt, det beste albumet nokon gong:

Motorpsycho - Timothy's Monster [alternative]


sjekk ut, sjekk ut!

David Kitt - One Clear Way

Helsing Sjur.

nu schald I höre

I dag var det skidag. Sjølv er eg ikkje så begeistra for skidagar, og synest det er eit årlig gjenmøte med snøen ein akkurat har jubla for at forsvann frå hagen. Dessutan er det kaldt å sitte i snø, og skigåing er ein heller lite tiltrekkande aktivitet. Eg vart stort sett sittande i ro med ein kopp kaffi.

Elles vart Eagles of Death Metal annonsert til Roskilde, som det første bandet som har fått meg til å seie "TJOHO!" inni meg. Kanye West vart også annonsert, men dette har eg noko blanda kjensler angåande.

Caesars - It's Not The Fall That Hurts

Helsing Sjur.

mandag 23. mars 2009

HEI SVEIS

Her i dag sa han Truls at eg måtte skrive ein biografi. Det skal eg sørenmeg gjere.
Som ein forsmak, kjem hendingar frå livet mitt her(høgdepunkt i bold):

1989: eg kjem til verda, og det er jo sabla stas
1992: eg vert tre år, har langt lyst hår, og ser generelt kjekk ut. Ein gong på sommaren kler eg meg opp i rå manneklede og dansar i stova. I denne perioden kledde eg meg også opp i kvinneklede og dansa i stova.
1993 og 1994: pottesveis og lego.
1995: eg vert storkar, og byrjar på skulen. Der skjer det mykje rått.
1996: eg lærer meg å rekne og å skrive løkkeskrift(dette lærte eg aldri), og er ein kjekk ung kar.
1997: Eg får ein svært kristen lærar, gjer tull og tøys i skogen, og får føttene mine vaska av den kristne læraren.
1998: Eg vert tatt for røyking på skulen sitt område. Gangsta som faen. Eg blir svært på hugget når det kjem til dinosaurar.
1999: Eg vert tatt for å gjere hærverk på skulen. Framleis gangsta som faen.
2000: Eg vert sendt til psykolog eller noko i regi av skulen(dette veit eg jævla lite om den dag i dag. Eg har aldri tenkt spesielt over det, og veit ikkje kvifor dette skjedde). Ellers får eg lystgass, og det er sabla kjekke greier.
2001: Eg blør sabla mykje frå ein finger.
2002: Håret gror, Queens of the Stone Age trer for alvor inn i livet mitt, og eg byrjar på ungdomsskulen. Der møter eg Halvor, og då bryjar ting å ta form. Eg byrjar å spele gitar.
2003: eg og halvor herjer. Eg høyrer på variert og kjip musikk.
2004: mykje herjing. Eg er full for første gong. Kjekt. Sugarhill Gang live.
2005: Eg byrjar å høyre på god musikk igjen, og ting er bra. Eg byrjar på teikning, form og farge, noko eg aldri skulle gjort. Eg og Sebastian får horer på døra vår i Praha. Fiffig. Eg kjøper meg elektrisk gitar.
2006: EG FÅR SKJEGG. Eg er meir på hugget angåande indierock, oppdagar Motorpsycho, byrjar på allmenn og drikk alkohol i store mengder. Eg lærer også korleis det er å ha salmonella. Kjekt. Eg vert sleika i øyret, og er framleis traumatisert.
2007: Ei veke i telt på ein gjørmete festival. HERLIG(ikkje ironi. kjekt å tenke tilbake på) Rolling Stones live. Eg slår av ein prat med Doug Martsch, og finn ut at gitarheltar kan vere hyggelige.
2008: RÅTT. HELT RÅTT. Radiohead live.
2009: Fryd og gammen. Kvinner ser bra ut, og eg har fått meg ny gitar. Ein som heiter Ivar dukkar opp midt på natta og legg seg i same seng som meg.

Som de ser, har eg levd eit rock n roll liv, og biografien vil bli ein suksess.

No skal eg legge til ei godlåt på slutten av innlegg og slikt. RÅTT.

[MUSIC FOR ANIMALS - LOVELOVELOVE] den kan du høyre på http://www.myspace.com/musicforanimals

Helsing Sjur.

søndag 22. mars 2009

For eit liv

5-0 over Aston Villa, folkens. SKJØNAR DE NO AT LIVERPOOL ER DET BESTE LAGET I VERDA!?

Ellers merkar eg berre at ting generelt er rått, kvinner byrjar å sjå bra ut, våren er her og eg byrjar å få ting på stell. Det er eit godt liv.

Helsing Sjur.

fredag 20. mars 2009

Jadda, kvinner!

Nesten eit år seinare, returnerte vår mann, vår messias, eller berre Sjur, om du vil, til denne bloggen for å skrive noko nytt.

Høyr her.

No tar eg det kuli med Nick Cave, snus og sjokomjølk medan eg skriv ferdig ein norsktekst. Det er ikkje så verst i grunn, sjølv om eg har svært lyst til å spele gitar og Stronghold.

Det får halde for denne gong.

Helsing Sjur.