onsdag 25. mars 2009

nu schald I höre

I dag var det skidag. Sjølv er eg ikkje så begeistra for skidagar, og synest det er eit årlig gjenmøte med snøen ein akkurat har jubla for at forsvann frå hagen. Dessutan er det kaldt å sitte i snø, og skigåing er ein heller lite tiltrekkande aktivitet. Eg vart stort sett sittande i ro med ein kopp kaffi.

Elles vart Eagles of Death Metal annonsert til Roskilde, som det første bandet som har fått meg til å seie "TJOHO!" inni meg. Kanye West vart også annonsert, men dette har eg noko blanda kjensler angåande.

Caesars - It's Not The Fall That Hurts

Helsing Sjur.

Ingen kommentarer: