tirsdag 31. mars 2009

Lat oss sjå tilbake på det herrens år 2007

2007 var litt av eit år. Eg ramla og slo meg, eg såg Rolling Stones, eg kasta stein i vatnet ÅGSÅVIDERE.
Poenget er at den skikkelig rå indierockbanden Dinosaur Jr. gav ut albumet Beyond, og det synest eg at du skal sjekke ut. jeppjepp!! Legenden fortel at dei spelte på Øyafestivalen i fjor, men der var ikkje eg, så eg fikk ikkje sett dei. Det var jo relativt leit.

Elles har eg fjerna ei visdomstann i dag, og det var jo sabla kjekke greier. Heilt til bedøvinga gikk ut. Det gjorde vondt, og eg fikk mest lyst til å male ein oter i sinne. NOT COOL. Eg kom til skulen med ein stor blodabsorberande dott i munnen, og eg såg ut som ein fisk. Det må ha vore litt av eit syn. Ikkje berre må eg leve på smertestillande i to-tre dagar. Nei, eg må søren meg ete skikkelig kjip mat også. ææææfhhdh!!

Elliott Smith - Son of Sam

Helsing Sjur.

Ingen kommentarer: