torsdag 26. mars 2009

Nei, dette må det bli slutt på.

Dei som kjenner meg, veit at dette med trening er eit tungt tema for meg. Eg synest det er fjasete og lite givande å ligge og dra i ting med så og så høg vekt. Då dreg eg heller i andre ting(Nei, ikkje penisar. Tau, halen til katten, skjegget mitt eller ledningar er betre døme). Trass i dette, synest eg at det er fæla flott å gå tur. Det var nettopp det eg svei av ein god halvtime på no i kveld. Eg gikk frå huset mitt, ned til barneskulen, ned der med Vie og opp i Vieåsen, for så å returnere heim(eg veit du bryr deg). Slikt er ein ypperleg sjanse til å skru på litt god musikk, tenke over ting og til å gjere det eg aller helst vil; sjå på damene.
Dette med å sjå på damene er ein aktivitet eg brukar mykje energi på. Og når ein går tur, er det endå kjekkare. Då kan ein sjå dei i auga, lette på hatten og seie "jaså, unge frue? De er ude og gaar eres aftenrunde?" eller ein kan gjere noko anna. Med slike triks kan ein ikkje berre utvide sin sosiale krets - nei, ein kan tilogmed finne sin neste brud. Slik gikk det altså ikkje med meg i kveld. Eg såg ikkje ei einaste vakker kvinne, og heller ikkje kvinner som såg ut til å vere heilt fantastiske på innsida, trass i ein ikkje like vakker utsjånad. Alt eg fikk sjå, var middelaldrande kvinner som gikk tur med hundane sine, lite tiltrekkande kvinner, og folk som jogga i ei heidundrande fart. Dette synest eg er heilt forkasteleg.

Catherine Wheel - Gasoline

Helsing Sjur.

Ingen kommentarer: