fredag 10. april 2009

HEI OG HÅ!

Ja, her går det unna.

No er eg altså her heime, og her går det i RÅ rock som er så frekk at den får barten til å krølle seg og skinnbuksene til å følast som ein sliten oter tvinna rundt dei ømme låra mine. Eg høyrer sjølvsagt på ting som Whitesnake og Van Halen.
I går var eg ute, og det gikk heitt for seg. Eg starta på Hyllestad, drakk i bilen til Førde, stakk på vors, stakk på tresken og pikant, for så å herje litt og stikke opp til han Anders på nach. Det var jo fint og flott. Det var nesten så eg kunne kjenne barten gro medan eg styrte på.

No har eg plutselig ikkje tid til å skrive meir, for no skal eg drikke kaffi. TJOHO!

Sonic Youth - Superstar (cover av den knallstilige Carpenters-låta)

Helsing Sjur.

Ingen kommentarer: