Ja, i dag har eg altså ikkje gjort så mykje. Eg stod opp klokka 08:30, og hadde god tid til å rekke skulen. Eg spanderte på meg eit lite glas vin og litt chips før eg tok til med frukosten. Nei, så kjekt.
Så kom eg til skulen, der eg prata litt om purre og slikt med folk. Dessutan skrytte Ivar og Birte svært mykje av mine kunnskapar innan fag som har med sosiologi og kultur å gjere. Dette trass i at eg ikkje hadde gjort oppgåva eg skulle legge fram for dei. Kjekt.
Så skjedde det! Eg oppdaga ein rå artist på spotify. The Little Hands of Asphalt, som eigentlig heiter Sjur(RÅTT!!!!), er akkurat som Elliot Smith, berre mykje betre. Nei, så gøy. Så då gikk resten av dagen til å lytte til det.
in other news gikk eg rundt i ein time og trudde eg hadde mista iPoden min. Den viste seg å ligge inni ei lomme inni eit omslagsark som låg i bagen til laptopen min. TEIT.
I dag anbefalar eg ikkje berre ei låt, men eit heilt album:
The Little Hands of Asphalt - Leap Years <- SPÅTIFAI-LINX!!!!!
Helsing Sjur.
mandag 20. april 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar