JADDA. No skal eg altså skrive eit spanande og nervepirrande innlegg om noko eg trur dei ALLER fleste i verda slit med, og irriterer seg grusomt mykje over. Eit problem vi alle har vore ute for, og som vi alle mest sannsynleg har vore med på å vidareføre sjølv. Eg snakkar sjølvsagt, som du sikkert allereie hadde skjønt, om det med at folk pratar om ting du ikkje skjønar deg på.
Dette problemet har eg vore ute for altfor mange gonger, og no har eg fått nok. Enten det er tennis, bil, fysikk, biologi, samanhengen mellom dårlig vær og god tannhygiene eller trening, er det like forbaska fjernt for meg. Eg trur mange andre føler det slik, dei også. Eit ytterst brillefint døme på ein slik situasjon, er når to vener(eg skal ikkje nemne namn, men vi kan kalle dei Halvor Erdal og Sondre Hilde) har kome heim på perm frå militæret og med ytterst stor glede fortel kvarandre om våpen, ammunisjon, springing og anna fjas eg ikkje skjønar meg på. Det som skjer, er at eg rett og slett byrjar å kjede meg, og då kan det skje ein av to ting:
1. eg byrjar å prate intenst om noko anna, utan mål og meining.
2. Eg lagar ein høg lyd som signaliserer at dette er heilt forbanna møkkakjedelig, og at det må bli ein slutt på dette. Eg går som oftast for dette.
Sjølv har eg prata mykje om ting andre ikkje forstår seg på. Det skal ikkje stikkast under ein stol/miljøarbeider(stryk det som ikkje passar) at eg har lett for å prate entusiastisk om gitarar, Liverpool, Pink Floyd eller noko rått eg opplevde dagen i førvegen. Eg vil herved seie SORRY BORRY til alle som har blitt utsett for dette, og eg lovar at det vil gjenta seg gong på gong.
For å lage litt romantisk stemning i de tusen hjem, skal eg anbefale ei godlåt her i dag:
The Smiths - There is a Light That Never Goes Out
Helsing Sjur.
onsdag 1. april 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar