Her i dag sa han Truls at eg måtte skrive ein biografi. Det skal eg sørenmeg gjere.
Som ein forsmak, kjem hendingar frå livet mitt her(høgdepunkt i bold):
1989: eg kjem til verda, og det er jo sabla stas
1992: eg vert tre år, har langt lyst hår, og ser generelt kjekk ut. Ein gong på sommaren kler eg meg opp i rå manneklede og dansar i stova. I denne perioden kledde eg meg også opp i kvinneklede og dansa i stova.
1993 og 1994: pottesveis og lego.
1995: eg vert storkar, og byrjar på skulen. Der skjer det mykje rått.
1996: eg lærer meg å rekne og å skrive løkkeskrift(dette lærte eg aldri), og er ein kjekk ung kar.
1997: Eg får ein svært kristen lærar, gjer tull og tøys i skogen, og får føttene mine vaska av den kristne læraren.
1998: Eg vert tatt for røyking på skulen sitt område. Gangsta som faen. Eg blir svært på hugget når det kjem til dinosaurar.
1999: Eg vert tatt for å gjere hærverk på skulen. Framleis gangsta som faen.
2000: Eg vert sendt til psykolog eller noko i regi av skulen(dette veit eg jævla lite om den dag i dag. Eg har aldri tenkt spesielt over det, og veit ikkje kvifor dette skjedde). Ellers får eg lystgass, og det er sabla kjekke greier.
2001: Eg blør sabla mykje frå ein finger.
2002: Håret gror, Queens of the Stone Age trer for alvor inn i livet mitt, og eg byrjar på ungdomsskulen. Der møter eg Halvor, og då bryjar ting å ta form. Eg byrjar å spele gitar.
2003: eg og halvor herjer. Eg høyrer på variert og kjip musikk.
2004: mykje herjing. Eg er full for første gong. Kjekt. Sugarhill Gang live.
2005: Eg byrjar å høyre på god musikk igjen, og ting er bra. Eg byrjar på teikning, form og farge, noko eg aldri skulle gjort. Eg og Sebastian får horer på døra vår i Praha. Fiffig. Eg kjøper meg elektrisk gitar.
2006: EG FÅR SKJEGG. Eg er meir på hugget angåande indierock, oppdagar Motorpsycho, byrjar på allmenn og drikk alkohol i store mengder. Eg lærer også korleis det er å ha salmonella. Kjekt. Eg vert sleika i øyret, og er framleis traumatisert.
2007: Ei veke i telt på ein gjørmete festival. HERLIG(ikkje ironi. kjekt å tenke tilbake på) Rolling Stones live. Eg slår av ein prat med Doug Martsch, og finn ut at gitarheltar kan vere hyggelige.
2008: RÅTT. HELT RÅTT. Radiohead live.
2009: Fryd og gammen. Kvinner ser bra ut, og eg har fått meg ny gitar. Ein som heiter Ivar dukkar opp midt på natta og legg seg i same seng som meg.
Som de ser, har eg levd eit rock n roll liv, og biografien vil bli ein suksess.
No skal eg legge til ei godlåt på slutten av innlegg og slikt. RÅTT.
[MUSIC FOR ANIMALS - LOVELOVELOVE] den kan du høyre på http://www.myspace.com/musicforanimals
Helsing Sjur.
mandag 23. mars 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Herre min hatt, eg dør av latter!
DET ER IKKJE NOKO Å LE AV, JUKLIS!!!!
Legg inn en kommentar