onsdag 1. april 2009

endå ein ting

no kan eg snart barbere meg att. hurra.

Motorpsycho - Hey Jane

Helsing Sjur

396 kommentarer:

‹ Eldst   ‹Eldre   201 – 396 av 396
theotherfool sa...

hahahahahaha, tullejente! Eg skal jo sjølvsagt ikkje ete restar. Eg skal koke ny ris og steike ny baguette.
Fy flate så dårlig Chuck er. Har på TVen i bakgrunnen.

Sunniva sa...

Gidder du det? Fy og fy!!
Eg syns chuck er greit om man har følgt med på meir enn 2 episodarrrr. Ho blonde er så fantastisk fin!!!!!!

theotherfool sa...

Jepp, det gadd eg. fy og fy.
Jammen saken er at eg faktisk prøvde å sjå sesong 1 på dataen. Eg såg eit par episodar og tenkte "nei, dette var skikkelig barnslig og sikkert mynta på åttandeklassingar". Problemet var at eg faktisk såg ein halv sesong, sidan eg alltid gav den "ein siste sjanse".

Sunniva sa...

Åja, då forstår eg. Det er ikkje sånn at eg gleda meg til å sjå det, for eg forstår ganske lite, men det er greit. Chuck minner meg om seth cohen!! (no har eg hatt mi første latterkrampe på lenge, og det på grunn av kor jævlig brun søstra mi har blitt. Skammelig!!)

theotherfool sa...

jøssdå! kva er det å ikkje forstå? Skikkelig slemme gutar har noko på gong, Chuck merkar det tilfeldigvis fordi han har så mykje superhemmelig i hovudet, dei to agentfolka skal ordne opp medan chuck sørger for at det skjer mykje "komisk".
Eg måtte også le i stad. Mamma ringte og fortalte at katten hadde ramla ned frå loftet i huset vårt på Hyllestad. Han hadde sprunge rundt i full fart, så klarte han ikkje å stoppe før luka.

Sunniva sa...

Ahaaa, eg har jo egentlig forstått mesteparten, men takk uansett!
Ånei! Stakkars katt. Du burde ikkje le, uff. Eg har så ekstremt lyst på katt, derfor stjeler eg nabokatten. Den heiter zorro og eeelskar meg.

theotherfool sa...

Nei, no må du ikkje tru eg er ein dyreplagar her. Kattar er nesten råare enn Rolling Stones, etter mitt syn, og det seier litt.
Den katten her er heilt sjuk. Han gjer slikt heile tida, og eg kan ikkje gjere anna enn å le. Han har ramla ned trapper på den måten fleire gonger, og han klarar seg alltid. Skikkelig rockekatt.

Sunniva sa...

Haha, det høyrest bra ut! Kattarrrr er no kulare enn RS for min del i allefall. Når eg blir gammal(30) så skal eg bli catlady, og eg skal ha minst 20 stk!
Eg er sjalu, igjen. Får du ikkje litt vondt på hans/hennas/dets vegne? Eg tenker på all smerter dyret går gjennom! Greit å le av og til og då sjølvklart.

theotherfool sa...

jo, det er klart eg får litt vondt av han, men han er donald duck eller noko i real life, berre at han er ein katt, og då må eg le.
Eg skal definitivt ha katt heile livet. Det er det råaste dyret, utan tvil.

Sunniva sa...

Hahahha!

Du er kul.

theotherfool sa...

Jøss, du synest det, altså?

Sunniva sa...

Ja, selfølgelig! Ka ellers?

Og du, høyr LCD Soundsystem med someone great og all your friends! Fantastisk.

theotherfool sa...

nei, eg veit ikkje. Kunne jo hende du synest eg var skikkelig tapar og prata med meg kun av sympatiske årsaker. Men takker og bukker, og for å gjere det endå meir klisjé, seier eg at du ikkje er så verst sjølv.
Skal høyre låtene no, medan eg et den knallrå middagen eg nettopp laga(baguette, ris og kylling)

Sunniva sa...

Eg er ikkje så snill at eg ville prata med deg kun av sympatiske årsaker, milde moses.
Det DER var av sympati, men det er greit.
Skal sei du er enkel i kosten, eg likarrr det.

Førde!! Stod det nettopp på eit skilt.

theotherfool sa...

Det var ikkje litt sympati eingong. Eg er då ein ærleg kar.
Det er greiast å vere litt enkel i kosten.
*Hurra! Sunniva er attende i Førde!*

Sunniva sa...

Høyres strrrrrålandes ut!
Er enig der, på ungdomsskulen levde eg på kvitost og paprika. Det var fint.

Hurra! Sunniva er rød som en tomat og attende i Førde!

theotherfool sa...

ja, det er riktig så strrrrrålande.
Eg har levd på kvitost i aldri så lang tid sjølv, men no er eg lei av det.

Hurra for det! no skal eg kle på meg litt og pisse med pissen(rått uttrykk. ikkje nekt.), og så skal eg og ein tjommi gjere noko rått.

Sunniva sa...

eg nektar meg sjølv å bli lei, for det blir dagen eg døyr.

Eg skal prøve å sminke vekk solbrentheten, prøve å glømme det ekle uttrykket du nettopp brukte og høyre idioteque om og om igjen. Også skal eg gå tur med ei ekstremt forelska jente, nåke som kjem til å bli dritt, sida ho kjem til å snakke om han konstant. Men ingen klaging!

theotherfool sa...

Nei, det uttrykket skal du hugse for evig og alltid, og ha i hovudet kvar gong du ser meg.
Du får styre på med ho der venninna di så lenge. No kom min tjommi akkurat køyrande nede i vegen, så eg får stikke.

Sunniva sa...

Æsj nei, eg skal glømme det NO!
Kos deg, for det skal eg(prøve)!!!!!!!

theotherfool sa...

Ja, du har no virkelig kosa deg. Ikkje tru vi ikkje køyrde forbi dykk nede med Vie når vi skulle opp til meg.

Sunniva sa...

Åjaha? Du var vel ikkje den eldre herremannen som stirra på oss i ti minutt?

theotherfool sa...

Åjo, det var nok meg!
Nei, vi køyrde forbi dykk(de/dykk-regelen synest eg at du skal lære deg om du ikkje kan den. Helsing norsklærar-Sjur) ved brua ved Viesenteret, og det var då sabla stas. "jøss, der er Sunniva og ho andre!" tenkte eg då. Så stakk vi opp til meg og såg på stand-up.

Sunniva sa...

Den regelen skal eg innrømme at eg er litt usikker på, spesielt i dag, i og med eg har hatt sidemål-tentamen! Du får lære meg?
I jøssenamn, det høyrest jo heilt fantastisk ut. Eg rekna med du tenkte på meg absolutt heile kvelden, og berre lata som om du lo av stand-up(-greia?)? Dersom du seier nei no, så blir eg ekstremt skuffa, kanskje eg til og med tar livet av meg. Ikkje nåke press, altså.

theotherfool sa...

De = fleirtal av du
dykk = fleirtal av deg
Når folk skriv "dykk må ikkje putte oteren i vaskemaskina!", er det som at dei skriv "deg må ikkje putte oteren i vaskemaskina!". Slik.
Sjølvsagt gjorde eg ikkje anna enn å tenke på deg. Eg høyrde min tjommi le vedsidan av meg, så eg lo med, sjølv om my mind was somewhere else(dette med engelske uttrykk er eg ein røvar på).

Sunniva sa...

Eg skal gjere mitt beste for å hugse det!
Høyres bra ut, no kan eg leve vidare.
Tør eg spørje KVIFOR du er ein slik røvar på dette?

theotherfool sa...

Eg er ein røvar på dette fordi det er så rått, og det har eg innsett. Så vart det berre slik.
Eg kom forsåvidt heim til ein fest av ein fotballkamp, men det var ikkje sååå leit at eg ikkje fikk sett første omgang, for det var no riktig så koselig nede med brua, synest eg. Det synest du også.

Sunniva sa...

Rått!!! Du er jo ein skikkelig røvar på det meste du?
Jammen det var bra at du ikkje angra bittert på at du stoppa, for eg syns jo sjølvsagt at det var riktig så koselig ja!

theotherfool sa...

Ja, altså, eg er iallefall ein røvar på det meste som er rått. Utanom fotball.
Eg skal innrømme at eg hadde ein kort moment med "nei, eg må jo nesten stoppe no. Men kva skal vi snakke om!? ÆÆÆ!!!". Det endte godt.

Sunniva sa...

Eg var ein røvar i fotball før, eg vart alltid valgt først i friminutta. Det var kult, og eg var kul.
Haha, det ville eg og ha tenkt dersom eg hadde hatt tid til å tenke, men det hadde eg ikkje, sida eg ikkje såg deg i mørket! Plutselig var du der, og eg kunne jo ikkje vere frekk og overlegen! Bra du syns det enda godt, og ikkje som total failure(failiure?)!

theotherfool sa...

failure skrivast det.
Skulle tatt seg ut om du plutselig var frekk og overlegen. Det trur eg at eg hadde følt som eit bittert nederlag, faktisk.
hurra! no har katten komt heim frå ferie! han stikker alltid av rett før avreise frå Hyllestad, så må pappa reise ned att neste dag og finne han.

Sunniva sa...

Ja, det hadde jo vore eit enormt nederlag om eg ikkje hadde vore så fantastisk snill og varm(??) som eg gir meg ut for å vere!
Hurra! Det var no endelig godt. Min katt levde for skogen i balestrand, på hytta/huset vi har der. Derfor måtte vi nærmast jakte rundt i evighetarrr for å finne den igjen. "kjekt".


(visst du i det heile tatt ser på tidsspunktet, nei eg får ikkje sove, og ja eg har internett på mobilen. Så sammen er man mindre alene!)

theotherfool sa...

Ja, det ville vore surt.
Skikkelig rockekatt du hadde, altså. rått!!!
Ja, eg ser du har slått deg heilt laus, og vore våken til klokka vart både ti og elleve.

Sunniva sa...

Eg vil ikkje kalle den rockekatt, heller rockabilly. Det er kult.
Idag var du jo superbitch på skulen, but no hard feelings!

theotherfool sa...

Sorry borry for at eg gikk rett forbi, men eg skulle bort på ppt for å sjekke nokre konsentrasjonsgreier(konsentrasjon? eg?) klokka 12, og så hadde eg plutselig sånn 4 minutt på å komme meg dit. Eg lovar å vere ein mykje hyggjeligare og kjekk kar neste gong. No hard feelings.

Sunniva sa...

Ooooo, eg har aldri høyrt om ppt før, men det høyres jo veldig interessant ut.
Ja det var no endelig bra!

theotherfool sa...

ppt er sånn kontor for folk som sliter med kva det måtte vere, og stakkars meg slit med konsentrasjonen når ting vert kjedeleg, og det straffar seg på skulen, så då må eg jo bort og få orden på det der.
Ja, det var faktisk endelig bra. Eg er veldig dårlig til å helse på folk vanligvis også, men eg skal skjerpe meg.

Sunniva sa...

Ahaaa! Mamma har masa om min mangel på konsentrasjon i åresvis, og eg har tatt alle tilskudda som går an å ta, dei funkarrrr dårlig. Kanskje eg får nåke fint av legen imorra, men mest av alt vil eg ha en psykolog. Nåke så fantastisk!
Heilt enig!!!!!!

theotherfool sa...

Det er faktisk berre å snakke med folka på skulen. Dessutan tar lærarane hensyn til konsentrasjonen din når dei vurderer, og det er jo heilt knall!
Eg vart litt skuffa då eg såg at det ikkje var slik at ein ligg på ein benk og fortel livshistoria til ein skjeggete mann utanfor synsvinkel.

Sunniva sa...

Jammen eg trur egentlig dei kjem til å sei nåke sånt som "du må berre prøve", og eg veit ikkje kordan eg skal få bevisst det, uansett!
Nei, det er vel ikkje det, nåke som er ekstremt dumt. Men egentlig vil eg berre ha nåken å sei absolutt alt til, og som ikkje kan sei det vidare. Det virkarrrr godt.

theotherfool sa...

Nei, men hvis du spør ein av dei seriøse lærarane, så går det der fint. Var vel dei som foreslo det for meg i første omgang.
Blir litt samtalar og greier. Pratar litt om laust og fast, korleis ein er, kva ein ser i framtida og slikt. Hadde heftig IQ-test i dag. Eg imponerte på testane som skulle vise dei visuelle eigenskapane. hurra!

Sunniva sa...

Hmm, okei.
Ikkje verst! Eg er ikkje sikker på om eg vil vite ka iq'en min er eingang, for eg trur den er ganske lav på dei fleste områder. No høyres det ut som om eg er stokk dum, men greia er at eg ikkje alltid tenker logisk.

theotherfool sa...

...og der fikk eg mitt første møte med negativiteten du alltid snakkar om. Nei, men det er ikkje nødvendig å ta slik test. Eg tok den av fri vilje, og ikkje fordi eg MÅTTE.

Sunniva sa...

Haha, så du syns ikkje det å mislike sola er negativitet? Kult. Og eg snakkarr vel ikkje alltid om negativiteten min? Pff!
Selfølgelig må man ikkje, men det kan vere kjekt å sjekke!

theotherfool sa...

hahahaha, nei, eg tøysa no berre med deg!
Brått vart du no litt positiv til IQ-test også då, så det er all good

Sunniva sa...

Flaks for deg!!!!!! (neida)
Det er jo og ein måte å sei det på!

No er eg sur. Er det ikkje berre skammelig irriterande med folk som bryter avtalar?

theotherfool sa...

Nei fydda! det er faktisk sjukt irriterande, når eg tenker meg om. Kva er det no som har skjedd då?

Sunniva sa...

Ja! Eg blir frustrert av det.
Ei venninde kunne ikkje komme pga mora ikkje orka å køyre og hente, og vi hadde jo avtalt!
Eg er jo flink i krisesituasjonar, så no skal eg ut på tur, og selfolgelig innom vie. Kult? Ja.

theotherfool sa...

Du får sende eit brev der det står kor sint du er.
Rimelig rått!!! Sjølv veit eg ikkje heilt kva eg skal gjere på. ææææfffhhh, det suger litt at nesten alle kompisane mine er i militæret eller studerer.

Sunniva sa...

Det blir kanskje å overreagere litt? Haha.
Ja det kan eg forstå! Kva med tjommi(??????)? Eller du kan gå tur, eller se gossip girl på tv!

theotherfool sa...

Tjommi er hipp og kuuuul slang for kompis, og ikkje namnet på ein av mine vener hahahahahaha
Tur var faktisk ikkje ein veldig dum ide. TV gidd eg ikkje.

Sunniva sa...

Flauuuut!
Eg er ikkje dum. Tv er fantastisk!!

theotherfool sa...

Kjempeflaut.
fy flate, no var det du som var superbitch(om det var du og ei anna som gikk litt framfor meg nede med barnehagen).
Eg gikk rundt vie og slåtten og sånn, fann ut at det var for kort, så eg gikk opp i vieåsen og nedatt til slåtten og greier. Lite å gjere på, eg..

Sunniva sa...

Haha, ja eg veit det! Men sjå då, eg kunne jo ikkje ha stoppa og venta i 10 minutt på deg, pluss at EG såg deg ikkje, det var berre det at Guro meinte at ho såg deg. Men eg såg deg etterpå, når du gjekk opp igjen mot slåtten. Du gjekk sånn 200 meter(eg veit egentig ikkje kor masse det er) framfor meg, eg lo litt.
Vi hadde i allefall superfritids. Vi gjekk på vie(kjøpte verdens eklaste sjokolade til 20 kr!!), ned i sjukehusparken, opp igjen til vie, bort på viebøen, opp i vieåsen og heim igjen! Ganske langt det og, men kjekt.
Stakar bebi!

theotherfool sa...

Åjo, du såg meg nok! Nei, men det er greit. Eg gikk heilt i min eigen verden og høyrde på Godspeed You! Black Emperor.
No sit eg og søker på høgare utdanning, sånn i tilfelle eg skulle få lyst til å utdanne meg neste år likevel. Kjedelig.

Sunniva sa...

nei, gjorde nok ikkje det! eg er jo halvt blind, så eg syns det er en ganske så super unnskyldning!
Ooooh, spanande!

theotherfool sa...

Eg er også smått blind, men skal få meg nye briller(klarte å miste eit par med Versace-briller. GODT JOBBA.), så eg kunne liksom ikkje vere heilt sikker på at det var dykk, og då hadde det ikkje tatt seg ut å rope "HEIHEIHEI!!! VENT PÅ MEG DÅ, KVINNER!!!"
No har eg søkt på lærar- og sosiologi-linjer i Bergen, Oslo og Trondheim. ææffh...

Sunniva sa...

Eg får heilt angstanfall når eg mister et av mine briller. No har eg nettopp mista det eine, og eg styrar rundt og prøvar å huske å ta med det andre overalt. Frustrerandes. Derfor skal eg straks ta ny synstest, kanskje eg kan få meg linser. Det hadde vore heilt fantastisk.
EG syns det hadde vore ganske så morsomt om du hadde gjort det!
Åh, så kjekt! Er du ikkje spent?

theotherfool sa...

Skal også ta ny synstest snart, og det blir tjohei.
Eg skulle kanskje ropt det, faktisk. Det hadde vore komisk, når eg tenker meg om.
Er ikkje SÅ spent. Søker berre for å søke, liksom.

HØYR! Built to Spill - Traces
http://open.spotify.com/track/6EeVezzpmDrpwjI35Z2WRM (dei opna med den første gong eg såg dei. orgasmisk.)

Sunniva sa...

For meg blir jo selfølgelig synstesten årets høgdepunkt. Gledar meg så utruuuulig!!! Eller ikkje.
Det hadde vore litt vel merkelig og då, men mest morsomt.
Åja, du gjer det ja, LIKSOM!

Eg skal høyre den så fort eg har tilgang til data, med andre ord i morra kveld! Du derimot må høyre Bloc party med So here we are, om du ikkje allerede ha høyrt den. Då kan du nemlig høyre Banquet, som er fantastisk.

theotherfool sa...

Kanskje merkelig, ja, men framleis veldig komisk.
åja, eg gjer det, LIKSOM!

Eg skal fortelle deg det, at eg høyrde dei låtene medan du framleis var ein illeluktande og tyggegummityggande åttandeklassing. Skal framleis høyre dei då, sidan du insisterer.

Sunniva sa...

Du har rett, så absolutt.
Liksom, liksom.

Åjaha? Frekk no altså? Vel.. Då får du høyre ion square istedet, som gir meg frysningar frå topp til tå!

theotherfool sa...

Frekk og kjekk, veitdu.

Ja, då skal eg faktisk høyre den. BERRE SÅ DU VEIT DET.

No har eg og katten vore nede og ete kvitost. Det var gøy.

Sunniva sa...

Ja! Og litt freidig, selfølgelig.

Det var bra, liksom liksom. For den er finare enn.. Masse.

Kult! Norvegia? Den er best.
Idag hadde vi en merkelig poseting til middag, og oppi der var det kokt skinke. Eg har aldri blitt så kvalm kun av å sjå på mat før.

theotherfool sa...

Nei, det var faktisk jarlsberg, sidan den er betre enn norvegia, som ikkje smakar noko som helst.
Her gikk det i pasta. Det var rått, men toppa ikkje oppsiget eg fikk då eg kom heim i går. BLOMKÅLSUPPE!!!(det er heilt seriøst det aller beste eg veit, så lenge det er mamma som lagar den)

Sunniva sa...

Nei uff! Eg likar når det er "nøytral" smak eg.
Blomkålsuppe? Æsj. Det smakar smør og luktarrrr rart, haha. Eg lever for pasta og ris. Det er fantastisk

theotherfool sa...

å, du skal ikkje uttale deg om blomkålsuppe før du har smakt den mamma lagar, for den er heilt på styr.
Pasta og ris er fine greier, sjølv om eg undervurderer ris.

Sunniva sa...

Jammen eg har både smakt og lukta på massevis av versjonar av den suppa, og absolutt ingen fell i smak. Kviforrr skal akkurat den vere god då?

Eg har undervurdert All I need av Radiohead, altfor mange gangar.

theotherfool sa...

Fordi det er mamma som har laga den, og den er heilt på styr, vel. Det ville eg tru var opplagt.

Eg undervurderer mykje rart. Spesielt band som Editors og Stellastarr, men då er det ekstra kjekt å høyre på dei når eg først gjer det.

Sunniva sa...

Åja, vel unnskyld for at eg ikkje tenkte så langt!

Ja, då blir det veldig kjekt å høyre på!
No skal eg til legen, og eg er 70% sikker på at det feila meg nåke alvorlig.

theotherfool sa...

Ja, der tenkte du ikkje langt.

Satsar på at det er dei siste 30% som dominerer då. Kvifor skulle du til legen då?

Sunniva sa...

Nja, kan hende. Det får eg vite om 2 veker.
Eg var der fordi mamma syns eg er så slapp og sur, haha. Kanskje eg er depressiv!!

theotherfool sa...

nei fydda! not cool, not cool...
Sjå det frå den lyse sida; er du deprimert, så får du iallefall gå til psykolog! tjohei!

Sunniva sa...

Tviler på at eg er det, egentlig! Ja, det hadde jo vore fantastisk!! Hurraaaa

theotherfool sa...

det hadde rett og slett vore rått. No kjeder eg meg. Har historiestil til i morgon, og gymprøve i morgon. Eg visste ikkje om prøva før no nettopp, og historieboka ligg att på skulen. Det er jo rimelig godt jobba frå mi side. Trur eg skal gå meg ein tur, as usual.

Sunniva sa...

Eg skal til å kjede meg. Er nettopp ferdig på jobb og ryggen min er ødelagt. Hahahh! Den svir. Eg har og litt lyst å gå tur, men veit ikkje om eg orkar egentlig!

theotherfool sa...

Ja, vondt i ryggen er berre det ein må betale for å ha ein jobb. Det er derfor eg ikkje har vondt i ryggen.
Du får gjere som du vil. Eg skal iallefall legge inn Al Stewart - Year of the Cat på iPoden, og sprade meg ein tur rundt i området.

Sunniva sa...

Du har vel rett, men så er det egentlig verdt det med tanke på pengane.
Eg fann ut at det var bedre å rive av seg alle klea, skru på musikk og halvsove med hodet lent mot en koffert/bag. D-e-i-l-i-g!

theotherfool sa...

så no ligg du altså splitter naken og lyttar til musikk? håhåhåhåhåhå!!!

Sunniva sa...

Naken var kanskje å overdrive, haha!

theotherfool sa...

Ja, det var det nok!
Skal i helga då?(desperat samtaleføring)

Sunniva sa...

Haha! Idag skal eg på ukm, av alle ting, og etter det skal eg nok vere med guro! Imorra skal eg jobbe til 8, og etter det veit eg ikkje heilt. Du då?

theotherfool sa...

Då må du kaste stein på den jenteungen som eg høyrde på radio i går, for ho sang heilt grusomt.
Nei, eg er jo utan fast omgangskrets når alle venene mine er utanbys, så eg har ingen planar. Kanskje eg stikker oppom han Sebastian i kveld. Er eg heldig, har han ei flaske vin vi kan kose oss med på ein uhomofil måte.

Sunniva sa...

Det skal eg selfølgelig gjere, alt for deg beibe!!
Det høyrest ikkje bra ut, men du og Sebbe kan vel kose dåke! Eg tippar at det blir homofilt, men det er greit, for homofili er sweeeerrrrrrt!(søtt)

theotherfool sa...

Takk for at du er villig til å gjere det for meg, bejbe!!
Eg trur ikkje det blir så veldig homofilt, sidan han har dame som han bur med, men om ikkje anna, så har han ein hund eg kan prøve meg på.

Sunniva sa...

Np beib, lixomhhh!
Det kan jo bli koselig å vere tre stk då, kanskje VELDIG koselig. Hundar er fine, men dei har ei vane med å stinke død og pine! Eg ville heller ha kosa med katten din! Ka heiter den?

theotherfool sa...

tuzn takk bejb lixm!!!
Åja, dette kan bli både fryd og gammen(mest gammen. Ikkje så mykje fryd.)
Hundar er litt rå, men ikkje heilt DER som kattar er.
Eg var nede og klappa litt på katten i stad. Han heiter Mons.

Sunniva sa...

Heart u 4eva lixm.

Eg stemmer på fryd, eg er nesten overbevist.
Mons ja! Veldig kreativt, det skal du ha.
Ka er det med at guttar kler seg opp i dei mest "eg er rocka, indie og moteriktige" klea dei har i skapet? Som selfølgelig berre er stygt?

Sunniva sa...

Heart u 4eva lixm.

Eg stemmer på fryd, eg er nesten overbevist.
Mons ja! Veldig kreativt, det skal du ha.
Ka er det med at guttar kler seg opp i dei mest "eg er rocka, indie og moteriktige" klea dei har i skapet? Som selfølgelig berre er stygt?

Sunniva sa...

Heart u 4eva lixm.

Eg stemmer på fryd, eg er nesten overbevist.
Mons ja! Veldig kreativt, det skal du ha.
Ka er det med at guttar kler seg opp i dei mest "eg er rocka, indie og moteriktige" klea dei har i skapet? Som selfølgelig berre er stygt?

theotherfool sa...

løøw U 2 hony 4evr!!! <3

Ikkje mobb namnet til katten min. Han er kul, og har eit rått namn!
sånn "Sjå buksa mi då. Ser du den? Ser du genseren min? Ser du kor indie eg er?"-stil? hahaha, nei eg veit ikkje. Du får sende klagebrev.
Det er fantastisk at du sendte den same meldinga tre gonger.

Sunniva sa...

Ah, du R sooo zøht!! <<<<<333333

Eg mobbar no sjølvsagt ikkje! Mons er vel flott han.
Akkurat sånn ja, jesus. Imorra har dei vel hoodie frå björkvin og joggebukse. Skammelig, men trur ikkje at eit klagebrev funkarrrrr!
Ja, tenkte at eg skulle overraske deg x3!

theotherfool sa...

ntåå! du R zøtare!! <3<3<3<3<3<3

Mons er litt av og på tjukk/skinny, men han er flott mesteparten av tida.
Ja, no sit du altså og irriterer deg over kleda til alle 14åringane som spelte Metallica på UKM, altså? Klagebrev fungerer alltid!
Eg vart overraska x3.

Sunniva sa...

Neiz, gåsjehhh (k)

Jammen det er jo berre kult, syns no eg!
Haha, ikkje no lengre egentlig! Har sett senkveld av alle ting, og no skal eg gå heim. Skummelt.

theotherfool sa...

jo, du e jo zøtare enn mg, jenta miiiii!!! (K)(L)

Ja, det er ganske rått i grunn.
Eg har berre slappa av, spelt gitar og gått tur i kveld. Skikkelig skummelt, indeed. Kvar er du då?

Sunniva sa...

Nei, puuz no må du zlutte! Tjihihi! ;-****

Åja, du har gått tur i dag og? Heldig du!
Eg var på flatabakken, der i grovene der. No sitter eg og et veggistaco og høyrer på 3 jenter på 14 fnise og ta bilder. Good times.

theotherfool sa...

hihi, eg slutte isje før du innrøme at du e zøtast!!! ;-*<3<3<3

Kjempeheldig, eg. Det var, til ein forandring, utrivelig å gå tur i dag, av ukjende årsaker.
Kast stein på dei, og hels frå meg. Eg veddar på at ho syngejenta er ei av dei.

Sunniva sa...

Fy faen, det er nesten som å spole tilbake 5 år eller nåke. Zøtthh <333

Huff! det høyrest ikkje bra ut. Sikkert fordi du ikkje kunne speide/myse etter meg heile tida. Då blir det veldig kjedelig, vil eg tru (eheh).
Nei, ingen av desse småpikene kan synge, takk gud. Eg likar ikkje å kaste stein, egentlig.

theotherfool sa...

snakkar om? spole tilbake? du er jo zøtast!

Det var ikkje bra. Ingen av folka eg gikk forbi såg spesielt trivelige ut, og som du seier, eg kunne ikkje speide etter deg.
Ja, det skulle nok blitt eit lurveleven om dei skulle begynne å synge også.
(kaste stein i vatnet = rått!)

Sunniva sa...

nei, eg berre tulla eg! Man må jo leve i nuet!
neih, duh er jo zøtttezt!

Uff, det er ikkje kjekt med utrivelige folk. Egentlig er det ikkje kjekt med folk i det heile tatt. Eg skulle ønske eg kunne ha gått en tur en dag uten å ha møtt ei sjel, det hadde vore fantastisk.
For alt eg veit, så kan dei ha sunge i timesvis!
(nei)

theotherfool sa...

Du R allti zøtast og finazt!!! <3<3<3<3

Eg har eit litt elsk/hat-forhold til folk. Av og til er eg reine emoguten, medan eg andre gonger synest det er riktig så trivelig med folk. Dog blir eg ofte oppgitt over folk generelt.
Det kan dei, og du var ikkje der for å høyre på. Tenk litt på det.
(jo, det er ei av dei store gledene vi menn har i livet)

Sunniva sa...

vackrazte!! <3

Då syns eg du skal vere emogut, fordi det er kvalmt med alt for positive folk.
Kviforrrr blir du oppgitt då?
eg veit ikkje heilt om eg vil tenke på det engang, eg er berre glad at eg slapp å høyre det!
(haha, det er ei skam!)

theotherfool sa...

du ja!!! <3<3<3<3

Jaja, så får eg vere emogut då..
Nei, fordi dei ikkje deler mine synspunkt. Derfor.
Du skulle ønske du høyrde det.
(det er ingen skam. det er rått)

Sunniva sa...

~<<<<3333~ 4evah!!!

Åneei, vil du ikkje vere emo?
eg skjønar, eg skjønar deg veldig godt.
Eg er hundre prosent glad for at eg ikkje høyrte det! Trust me.
(jesus)

theotherfool sa...

Du R zå goooood!! <3<3<3 ;-* <3*me&u4ever*<3

Eg sa jo at eg kunne vere emogut!
Då er vi samde om det meste, utanom det om synging og det som står i parantes.

No høyrer eg på svensken som syng om at han er ein vampyr. Det er rått.

Sunniva sa...

(eg begynner å lure på om det er sånn som detta du egentlig skriver, og berre latar som om du er smart og sofistikert)
7r dah, kniZ @----,-'-,-'. D 3r ei rose!!!!!!!!!!!

Ja, men du skreiv ".." etterpå, og då blir man med eitt svært tvilsom.
Det høyres jo veldig flott ut, om det kun er dei to tinga vi er uenige om.

Den/det/han/ho har eg ikkje høyrt. Surprise.

theotherfool sa...

(dr avszlørte du mg!!!)
kn1Z Sun9va!! for 1 fin r0ze!!! <3<3<3<3<3

Tvilsom du liksom! eg var overbevisande som berre det!
Ja, ellers er vi samde om alt. ALT.

Markus Krunegård - Jag Är En Vampyr

Sunniva sa...

(du er litt rar, men det et berre morsomt)
Mn jg r zå zlitn 3tr å skrvve snn sm dtte. ;(((
Zäriii <'3333

Javel, visst du seier det så!
Så, skal vi ta første fly til vegas og gifte oss? Eg er totally in for it.

Eg høyrer at eg var dum som trudde at 2+2=4.

theotherfool sa...

(ja, folk seier det der, men eg skjønar ikkje kva dei meiner, for eg er jo berre meg.)
Då skriv vi vanleg.
Eg elskar deg, Sunniva. Du er best! Hjarte og blomar på veg i posten!

ja, hvis eg seier det så!
Jepp. Men eg må låne pengar av deg, for eg har ikkje råd til flybillett for tida. men eg er så totally up for it.

Dum eller ikkje, den låta er tøff!

Sunniva sa...

(men det er jo fordi du ER det då, veit du!)
Fantastisk.
Ådu og du, Sjur du skulle ikkje ha gjort det! Du er jo for snill, venste. Elskar deg og, meir enn alt anna.

Ja!!!!!
Så romantisk, men eg kan nok få skrapa sammen litt, det må eg jo berre. Men etterpå, som min ektemann, forventar eg at du tek vare på meg økonomisk og!

Det skal eg ikkje nekte for.

theotherfool sa...

(jaja, så får eg vere rar då..)
Om eg måtte velge mellom verdas undergong eller din død, ville eg gått for verdas undergong, sidan vi då kunne gått i døden saman. Hand i hand. Eg og du.

Det er klart eg skal ta meg av deg økonomisk. Vi skal flytte til Oslo, om det er det du vil, og eg skal komme heim til deg med eit smil kvar dag.

Det høyrer du. Kanonlåt. Eg likar heile albumet, eg.

Sunniva sa...

(nei, du er no ikkje rar, tulling.)
Eg trur eg må spy av glede. For eg ville sjølvsagt gjort akkurat det samme. Du er fantastisk!

Ja, det var akkurat det eg trengte å høyre! No treng eg ikkje lengre å frykte framtida.

Selfølgelig, du heiter jo Sjur og er lur.

theotherfool sa...

Tenk at du ville gjort det for meg. Du er herlig, og eg elskar deg meir enn livet sjølv.

Nei, no er framtida sikra. TJOHO!

Jepp, det stemmer!

Sunniva sa...

Ja, eg ville ha gjort absolutt alt i verda for deg, alt! Og eg elskar deg like masse, om ikkje meir.

Endelig, eg har verkeleg venta lenge på det. Og du skal skrive poesi kvar kveld, og når eg har sovna, jo då kan du spele gitar.

Eg har kontroll, du treng ikkje å vere redd!

theotherfool sa...

Eg hadde gjort alt i verda, og litt til, for deg. Ingen andre har nokon gong gjort med så komplett som du gjer, og kjærleiken min for deg kan ikkje brytast av sjølv den sterkaste kraft.

Det høyrast koselig ut. Kva skal du gjere då?

Nei, eg var redd eit lite sekund der, men no går det bra.

Sunniva sa...

Ook. Bra for deg.........................

Ja, riktig så koselig! Eg skal lese leksikon heile dagen lang. Det blir fantastisk!

Ånei!

theotherfool sa...

Kvifor braut du den romantiske samtalen? :(

Ja, og då kan du mate meg med artige fakta du har lese, kvar gong eg kjem heim frå arbeid.

Ja, det er rimelig ånei.

Sunniva sa...

Fordi eg ville vere litt rock'n roll vel, ikkje så klisjete!!

Ja, hadde ikke det vore heilt supert? Jo det trur eg! Men egentlig vil eg gjere nåke litt meir kjekt enn det!

theotherfool sa...

Ja, det er klart ein må vere litt rock n roll frå tid til anna.

Vi kan sjå film, gå ut og spasere, reise på konsertar og diskutere ting vi synest er teite. Eg er så klar for dette.

Sunniva sa...

Syns eg og. Ellers blir det NESTEN kvalmt!

Det høyrest jo egentlig ganske så perfekt ut! Klar som et egg! Æsj.

theotherfool sa...

Ja, vi må lære oss kvar vi skal stoppe, før det går over stokk og stein. Skulle tatt seg ut om kjærleiken gjorde oss kvalme.

Perfekt, indeed. Dette synest eg vi skal gjere. Egg er godt. Det synest iallefall eg, men eg av og til taklar eg ikkje tanken på det eingong.

Sunniva sa...

ja, der er eg enig. Er berre det at det verkar som om du ikkje veit heilt kvar den grensa er, egentlig! Har vel med at du er så poetisk.

Ja, selfølgelig, må jo det!
Eggeplomma er god når det er kokt oransj/gult. No blir eg kvalm av tanken..

theotherfool sa...

Nei, når ein er så poetisk, er det for lett å la seg rive med. sorry borry.

Jammen då gjer vi jo det.
hahahahaha, du er såpass nøyen på det, altså?

no synest eg at du loggar inn og ut av FB-chat litt i meste laget. er jo umogleg å svare.

Sunniva sa...

Det går fint, eg klarer meg som oftast fint. Men av og til bankar det i hjarterota!!

Jaaaaaaa!
Selfølgelig, eg eg jo ikkje kva som helst.

Det er fb sin feil, eg logga av once fordi du aldri svarte! Det er på tide å prøve web msn!!

theotherfool sa...

det blir mykje slikt når vi skal leve i sus og dus(mest dus) i Oslo.

No skjedde det der med FB-sjætt igjen. ææææfffhhh!!

Sunniva sa...

Ja, men egentlig kan eg bli vandt til det. Kanskje til og med like det? Ka er egentlig sus og dus?

Veit!! Logg av og på?

theotherfool sa...

Sjølvsagt vil du like det etter kvart. Eg vil få meir teken på det, og du vil bli meir og meir sjarmert.

Sus og dus.... eg veit sannelig ikkje, men eg trur det er rimelig positivt.

Sunniva sa...

Ja, det kan godt hende det! Det kan jo ikkje bli nåke anna enn sjarmerande, egentlig.

Det trur eg og. Sus og dus, eg tenker at det er litt laust og ledig!

theotherfool sa...

Nei, det blir heilt ville tilstandar. Du vil faktisk forelske deg i meg på nytt kvar dag. Så sjarmerande vil det bli.

Eg tenker at det er full rulle og bakoversveis. skikkelig sus(sånn SHOOWEEEESSJJHH!!!!!!!) og greier liksom. Men det er som med fryd og gammen. altså, kva søren er gammen?

Sunniva sa...

Åj åj åj! Ikkje verst. Det hadde jo vore ca kjempekjekt!

Ja, sant? Gammen har eg ingen anelse på, eg ser merkelig nok for meg ein munn..

theotherfool sa...

Jepp. Det blir rått, og du gler deg.

Flink og smart som eg er, søkte eg etter dette på google, og kom fram til følgande:
gammen n ubøy (norr gaman, besl med eng. game 'lek, spill') glede, fornøyelse, særl i uttr fryd og g-

Men no kjem det vanskelige. Kva kjem sus og dus av?

Sunniva sa...

Ja, gler meg som ein unge!

Ådu og du! Då veit vi det, på ein måte!
Kan du ikkje google det og då? Jo!

theotherfool sa...

..og det er jo ei kjend sak at ungar ofte gler seg.

Gjett om eg gjorde det då? Jepp, det stemmer. Eg fann ut av det også.
Det betyr å feste dagen lang utan bekymringar og sorg. Det skal vi altså drive med.

Sunniva sa...

Ja, det er det så absolutt!

Då syns eg at vi kan leve i sus og dus, i små mengder. Syns ikkje du?

theotherfool sa...

Vi skal leve i sus og dus sånn av og til. Når du våknar på laurdagsmorgonen og kjem med kaffi på senga til meg, skal du sette deg ned, smile og seie "Du.. Vi skal ikkje leve litt i sus og dus i dag, skal vi?"

Sunniva sa...

Og då skal du sjå tankefull ut i eit sekund eller to før du smiler og seier "trudde aldri du skulle spørre", før vi spretter champagnen og har det rasande flott!

theotherfool sa...

hahahaha, det har du faktisk heilt fullstendig rett i!
Då blir det liv og røre, fryd og gammen, pomp og prakt og ikkje minst sus og dus! Så går vi urbane utestader, der dei speler rå musikk og ein kan ta det kuli.

Sunniva sa...

Selfølgelig har eg det!
Og på vegen heim frå desse urbane utestadane med rå musikk, så skal vi selfølgelig stikke innom deli og kjøpe alt det raraste dei har. Eg betalar! Vel heime, skal man sovne på kjøkkengolvet. Slik er livet i sus og dus. Fryd og gammen, men mest gammen.

theotherfool sa...

Når du betalar, står eg med blanda kjensler og ser på lommeboka mi. Litt glad for min økonomiske del, men dog med ein viss grad av dårlig samvit. Dette vert fort gløymt når vi ligg der på gulvet. Neste dag ser eg deg sitte litt bakfull i sofaen, og seier "du er så søt med det bustete håret..", før eg set på ei kanne med kaffi og skrur på ei plate vi begge likar.

Sunniva sa...

Etterpå spretter eg bestemt opp og seier "du, vi skal ikkje ta ein joggetur då?". Så ser vi på kvarandre i eit sekund før vi bryt ut i latter og gjer absolutt ingenting resten av dagen. Men hadde det vore fint vær skulle vi gått i parken, ledd av dei som grilla pølser og blitt solbrente.

theotherfool sa...

Det der er som om eg skulle ha skrive det sjølv. Vi er svært samtenkte på dette her, ser eg.
Når vi kjem heim, dumpar vi ned i sofaen og ser på tåpelig TV, før vi bestiller mat på døra og ser ein god film. Når eg ein gong på kvelden sovnar i sofaen med deg i armkroken, legg du eit teppe over meg, slik at eg våknar der neste morgon og har sabla vondt i ryggen pga. dårlig sovestilling.

Sunniva sa...

Hahahha, bra du meinar det då. Hadde vore litt dumt om du heller ville ha gjort det motsatte! Grøss..

Og når du då begynner å klage over ryggen din, så skal eg kaste meg opp på ryggen din, berre på pur faen, sida eg er i superhumør! Etterpå skal eg selfølgelig vere snill og lage blomkålsuppe(ja?) til deg, sjølv om eg kjem til å spy av lukta. Det var vel snilt?

theotherfool sa...

Det ville faktisk ha vore SKIKKELIG teit.

Ja, når du har hoppa på ryggen min, ler eg og seier at det der var not cool, men likevel veldig komisk. Eg vert svært glad for at du lagar mat til meg, og som takk, tar eg oppvasken. Etterpå les vi i avisa at ein stilig artist skal spele konsert, og då går vi dit for å sjå.
Fy flate, vi vil ha det heilt rått saman!

Sunniva sa...

Også, når vi er heime frå den rå konserten, kjem vi på at det er mandag dagen etter, og for å utsette det lengst mulig så sitter vi oppe til langt på natt og høyrer på flott musikk til vi sovnar.

theotherfool sa...

Høyrast heilt herlig ut. Skal vi leve for helgene? Ja, det trur eg!

Sunniva sa...

Ja, det syns eg at vi skal!
Forresten, på sparkjøp har dei rolling stones og pink floyd tskjorter, hahahahahha! Berre sjekk det reklamebladet, om du har det!

theotherfool sa...

Det synest eg også. Fy flate, eg kjenner eg gler meg.
Eg har faktisk heile to Stones-skjorter. Ei tour-skjorte og den kvite eg hadde på meg då eg var så kjekk og sa hei i dag. Eg har ikkje reklamebladet, sidan vi ikkje mottar slik fjasepost.

Sunniva sa...

Haha, lovely!

Du og du, ikkje verst.
Ja, det var jo eineståande at du sa hei, fekk nesten tårer i auga!
Eg elskar reklame, med andre ord så syns eg synd på deg...

theotherfool sa...

Løøwli indeed.

Ja, det er ikkje berre berre å vere fan av Stones.
Eg hadde mine mistankar om at du fikk tårer i auga, men så hadde du solbriller på deg, og då var jo det ganske vanskelig å sjå. Eg var forsåvidt sikker på at du sat i skyggen heilt til eg kommenterte det. Eg tenkte "skit og! ein slik kommentar er lov når ein er i skyggehumør". Berre så det er sagt.
Nei, men det blir så mykje fjas med den der reklamen. Vert jo heilt galen om ein skal motta slikt heile dagen.

Sunniva sa...

Det trur eg på, det må virkelig vere krevande!
Å jasså? Dersom du var i skyggehumør, då er det greit!
Nei, fy! Reklame gjer meg glaad, og fattig.

theotherfool sa...

Ja, men ein ekte mannemann som meg klarar å vere Stones-fan sjølv om det er eit slit.
Ja, eg tenkte du kanskje, av ukjende årsaker som eg ikkje veit eller forstår meg på, følte deg fornærma og synest eg oppførte meg usmakleg, så tenkte eg fikk forklare.

Men det var noko eg eigentlig skulle spør deg om i dag, men så stod han Steinar og fortalte ei spanande og nervepirrande historie. Har du sett kor RÅ band Øya slapp her om dagen?

Sunniva sa...

Ja, det trur eg nok at du klarar ganske så lett!
Litt usmakelig, og ikkje minst usakelig, var det. Men eg klarte meg fint, så det går bra!

Ja, eg såg at du var ganske så oppslukt, ja.
Det har eg nok sett ja, faktisk! Eg trur faktisk at eg absolutt må, og det virkar som om halve Førde skal i tillegg, så då treng eg ikkje berre å stalke bloggarar, men alle andre i tillegg! Lovely.

theotherfool sa...

Ja, eg beklagar så mykje. Det var sjofelt, lumpent, stygt og ikkje minst ufyselig gjort av meg.
Ja, eg trur det var i det sekundet han fortalte om at han "kompisen" til brodern var innom kantina og brukte lang tid på å kjøpe IFA.

Oioi! kven som skal då? eg veit det er 2-3 andre tredjeklassingar og ein til som eg kjenner iallefall. Vi skal uansett øve oss på urbanlivet ved å høyre på indie, ete den vegetarpizzaen du snakka om og drikke vin(og om du ikkje likar det, så skal du like det då).

Sunniva sa...

Takk for at du innrømmte det, og eg tilgjev deg SJØLVSAGT!!!!!!!
Jahaja, men då kan eg lett forstå at du var oppslukt, det ville nemlig eg og ha vore.

Folk som eg reknar med du ikkje veit kven er, sida eg såvidt veit det sjølv. Alt eg veit er at eg berre må dra med meg enten Guro eller Helene.
Sjølvsagt skal vi det! Og det skal bli hærlich!!!!!!

theotherfool sa...

Jepp. Noko liknande skjedde jo i dag, då eg KUNNE ha sagt hei og hallo, men både Tord og Trygve stod i vegen, og då ville det ikkje tatt seg ut.

Det blir heilt rått! eg ser skikkelig fram til det.

Sunniva sa...

Ja, men eg kunne jo ha venta og sagt hei og hallo eg og, men då trygve tråkka meg på helen, då ombestemte eg meg!

Haha, supert, for det gjer jo selfølgelig eg og!

theotherfool sa...

Oioi! så du er ikkje så uskuldig sjølv, skjønar eg?

Ja, fy flatland. Må kjøpe billett no ein dag, for dette blir skikkelig stas.

Var det tilfeldig at du sat og retta eit kamera mot meg og Dag Ove då vi kosa oss med Joy Division - Disorder i kantina i dag?

Sunniva sa...

Nei, er nok ikkje det! Dessverre.

Ja, det må du jo. Sånn at det ikkje blir utsolgt, IGJEN! For då kan du angre, medan eg kosaaaaar meg!!!!!

Hahaha, så det var du som satt der bak! Det var vel meir det at eg tok eit bilde og skulle vise til monica, men eg tok dessverre ikkje nåke bilde av deg og Dag..ove? Håpte du det?

theotherfool sa...

nei, der kan du sjå.

Skal prøve å få ordna det i morgon. Skal ikkje ha noko av at du står inne på festivalområdet og kosar deg med Crystal Castles, medan eg må stå utanfor utan å få vere med.

Nei, greia var at vi sat der og var bakfulle, og så sang no eg på Joy Division. Så sa eg at han Dag Ove skulle finne fram Disorder på spotify. Det gjorde han, og då vart det sus og dus, og eg dansa og kosa meg. Brått såg eg deg sitte og halde eit kamera i mi retning. Eg tenkte "jaså? ser det SÅ dumt ut at ein stakkar kosar seg med litt musikk no også? Og i tillegg så dumt at ho der tullete Sunniva må ta bilete av det?"

Sunniva sa...

Ja, det syns eg. Kan jo hende eg må finne nåken andre å danse med og ha det kjekt med!

Hahha, neida! Syns du at eg er tullete altså? Det var litt slemt. Og ja, eg kunne ikkje unngå å legge merke til at du var ca den einaste uten russebuksa? Skammelig.

theotherfool sa...

Det kan du berre gløyme, for eg SKAL ha billett.

Eg vakna i dongeribuksehumør i dag. Faktisk er det ikkje før på mandag at russetida tar til, og eg er ikkje så fryktelig "ÆÆSHDHHFJKF!!! RUSS ER RÅTT!! EG MÅ HA PÅ MEG RUSSEBUKSE OG GREIER NO MED EIN GONG!!!!" av meg.
Nei, du er berre tullete i blant. Eg tenkte jo ikkje AKKURAT det der då. Berre noko som kan minne om det.
Eg synest dog at det var litt lumpent av deg å reise til Sandane når eg var klar for Cannibal! The Musical.

Sunniva sa...

Høyres flott ut!

Då forstår eg plutselig, og eg syns det er ganske bra at du ikkje er "HsjJhHHHGFJGfKdhsiwbawwqbshha russ blabla"-humør!
Hmmf, eg veit ikkje om eg trur på deg!
Eg trudde det var cannibal! The musical kveld imorra?!?!

theotherfool sa...

Veitdu, då er vi IGJEN veldig samde, for eg hugsar ikkje heilt kva eg tenkte, for å vere ærlig. Eg hugsar berre at eg reagerte på at du brått hadde kamera retta mot ein dansande Sjur. Vi er også veldig samde ang. det med russ.

Det går faktisk veldig fint å ta det i morgon, sidan det er då eg ikkje har foreldre framfor TVen heile kvelden(dei skal til Hyllestad). TJOHEI!

Sunniva sa...

Hmmhmhmhmhmjhjt! Eg må berre spør: kvifor dansa du? Ikkje at det ikkje heile er flott altså!

Ypperlig! Då er du ikkje lei deg lengre?

theotherfool sa...

Fordi eg likar den låta, og så gikk eg lei av å spele luftgitar på introen, så då gikk eg over til kuuuule dancemoves.

Ja, no er unge Systad ein glad kar att.

Sunniva sa...

Haha, men det pleie jo ofte å funke ganske bra det! Eg likar godt å gjere kuuuuuule dancemoves sjølv!

Lovely!

theotherfool sa...

Dancemoves er heilt rått. HEILT RÅTT.

Kjempelovely.

No skal eg ned og ete frukost, drikke kaffi og stort sett berre sprade rundt for meg sjølv, kun iført boxer.

Sunniva sa...

Rått ja, rett og slett rått!

Interesting, very interesting! Det kunne eg aldri i livet ha funne på!

theotherfool sa...

Eg gjer faktisk svært passive dancemoves as we speak.

Kvifor ikkje? det er jo heilt rått å sprade rundt slik når ein har huset for seg sjølv. Eg er påkledd no då.

Sunniva sa...

Åjaha? Korleis då?

Fordi eg er redd for at alle naboane kan sjå meg, og fordi eg berre mislikar det!
Åja. Trudde du skulle slå ut håret og gå sånn i heile dag?

theotherfool sa...

Det er ikkje så lett å forklare med ord.

Jaså? nei, her er det ikkje så lett for naboane å sjå kva eg driv med, så det er jo relativt greit. Skulle tatt seg ut om eg gikk rundt slik når du kjem opp(for det er vel ikkje berre draum og fantasiar at du gjer det? om ikkje, må eg gjere drastiske endringar i planane mine)

Sunniva sa...

Nei, men det er no greit! Eg kan sjå det for meg!

Jammen då er jo du forsåvidt ganske så heldig!!
Det skulle å tatt seg ut ja, hahahhaha.
Nei eg reknar med at vi forsatt har ein avtale?!!!!!!?!?!?

theotherfool sa...

Eg kan vise deg etterpå. Det er ganske rått.

Ja, eg er riktig så heldig på det feltet. Om eg derimot beveger meg ut på terassen, kan familien Bengtson sjå på meg.
Ja, det er klart vi har ein avtale. Eg måtte berre forsikre meg om det. Du kan ta kontakt på telefonnummeret mitt, som eg ikkje skriv her, men som du finn på facebook(og sikkert for lengst har lagra på den hippe og kuuule telefonen din).

Sunniva sa...

Gler meg!

Ja, då er du over grensa til heldig vil eg sei!
Hahhahah, nei eg har nok ikkje lagra det, dessverre!
Kan vi ikkje berre avtale et tidspunkt? Eg har jo telefonangst!! Men eg veit ikkje kor du bur engang!!!

theotherfool sa...

Nei, då må eg nesten vite når det passar for deg. Eg tenker på å ta ein tur nedom Vie-senteret, så kunne jo berre møtt kvarandre der.

Sunniva sa...

Eg tenker halv 8- 8? Ka som passar for deg då? Vie stenger jo 8, gjer det ikkje?

theotherfool sa...

Skal hive i meg litt mat før eg gjer noko anna, men kan jo møtast sånn kvart på 8 der nede.
(no oppdaga eg at visarane på klokka mi lyser i mørket. BADASS!)

Sunniva sa...

Greit det!
Omigod, det er ganske awesome!

theotherfool sa...

Jammen, dette var no ikkje så fælt, var det?

Sunniva sa...

Nei, tvert imot må eg sei! Du hadde altså forberedt deg på det verste?

theotherfool sa...

Nei, men det kunne jo ha hendt eit eller anna sjukt som at du ikkje likte filmen, og så hadde det blitt kjempeakward og slikt. Nei, eg synest det var riktig koselig.

Sunniva sa...

Det kunne jo forsåvidt det ja, men det gjorde det altså ikkje.
Så fint, for det syns jo eg og!

theotherfool sa...

Nei, det er no endelig godt at det ikkje gikk slik.
Eg synest det var så trivelig at eg synest vi skal gjenta det ein gong.

No sit eg her og tar det kuli med Cut Copy. Er ikkje kvar dag ein kan spandere på seg den luksusen.(Jo, det kan ein strengt talt.)

Sunniva sa...

Åjaha! Såpass. Men det syns eg og at vi skal gjere!

Eg tar det kuuuli med satc, og bedre kan det nesten ikkje bli!

theotherfool sa...

Jammen, då gjer vi jo det ein dag det passar!

satc? er eg treig eller er det ei forkorting for noko eg ikkje veit kva er, og derfor ikkje klarar å tenke meg fram til kva er?

Sunniva sa...

Greit det!

Hahahaha, det står for sex and the city!

theotherfool sa...

Kjempegreit!

Kjeks and the city, du! Er ikkje det Entourage for jenter?

Eg trur eg har hatt tidenes dårligaste norsktentamen i dag. Eg var passelig morgongretten frå før av, men all motivasjon forsvant då eg ikkje fikk lov til å høyre på musikk.

Sunniva sa...

Ja, det syns eg og!

Neeeh, heilt annerledes på en måte, men når eg tenker meg om så har du rett! Sjækt.

Uff! Visste du ikkje man ikkje kan høyre på musikk?
No skal vi skrive dikt, og eg er ikkje like poetisk som du!

theotherfool sa...

sjempesjækt!!!!

Vi(iallefall eg) brukar å få lov til å høyre på musikk, men i dag var det prøveeksamen, og det var SJEMPESERIØST!!!!

Skriv dette:
Kattens indre kommuneval
HER SKAL DET HØVLAST
skreik han medan han sparka sonen sin
NEI, TANTE MARGIT!!!! IKKJE KOM INN HER!!!!!!
du kan aldri ta frå meg dette.

Eg er ein rakkar på ny og sær poesi.

Sunniva sa...

Jammen då er du over middels heldig, for det får aldri vi!

Hahahahhahahah, det skulle jo vore på engelsk helst......
Ja, dette kan du rett og slett godt!

theotherfool sa...

Då må du jo berre forklare dei at det berre er teit å ikkje høyre på musikk.

Engelsk, du! Avansert...

Sunniva sa...

Som om vi ikkje gjer det. Etter at læraren har nekta, kviskrar vi og sender stygge blikk resten av dagen kun for å irritere. Sjækt!!!

Ja, ganske avansert. Eg snakka meg utav det, og det blei heldigvis ingen dikt!

theotherfool sa...

Superbitch i dag, ja?

Sunniva sa...

Nei, haha?

theotherfool sa...

Eg var så hyggjeleg og sa "JASÅ?" til deg gjennom ein megafon frå russebilen til han Truls då vi køyrde forbi deg i dag, men du berre såg stygt på meg.

Sunniva sa...

hahahaha, ja det fekk eg med meg! Skulle eg liksom snu meg, smile og vere skikkelig grei? NEI!

‹ Eldst ‹Eldre   201 – 396 av 396   Nyere› Nyest»