JA, DETTE HADDE DE ALDRI TRUDD! EG SIT FAKTISK HER OG BLOGGAR ATTER EIN GONG!
Eg er sånn passelig full og har hatt ein heller OK kveld ute.
Kva eg har hatt med å gjere i det siste, seier du? jo det skal eg fortelle deg.
-Jobb
-Eplekjekke skitungar
-Slikt ein må gjere(data, gitar, katt, tv...)
-Ho der som er heilt fantastisk
Ellers sit ein no og høyrer på ein særs fin sang av The Smiths, som er eit av dei betre banda der ute. Nett no høyrer eg på Panic, for den er riktig så flott.
HEI OG HÅ!
Helsing Sjur.
søndag 20. desember 2009
søndag 11. oktober 2009
JANGDANGADFOaSFASOKIfd
ÆRFH!!!!!
Hei og hallo, kjære sjømenn!
For ei tid vi lever i! Reine framtida! No for tida har eg ikkje hatt det spesielt travelt, og eg har stort sett gitt ein god sjømann i heile blogginga. Dei siste to vekene har eg vore litt her og der, blant anna nede på Madla, der dei skulle ha meg til å bli krigar. Etter ein nøye legesjekk innsåg dei at eg var sjølvaste superhelten i eigen person, og meinte at eg var for farlig og burde berre bli holdt hemmelig. Så eg vart sendt heim etter om lag 14 timar i det norske forsvar. Kjekt.
Sidan slutta eg i jobben som barnehageonkel, og tok opp ei karriere som feriemann. Den karriera er ferdig i morgon, for då skal eg bli superlærar ved Førde Ungdomsskule. Knalltøft!
Ellers høyrer ein på kul musikk og slappar av.
Helsing Sjur.
The Killers - Mr. Brightside(Jacques Lu Cont's Thin White Duke Remix)

søndag 23. august 2009
dance dance dance dance dance to the radio
Ja, då var det søndag, og eg sit no her og høyrer på Joy Division.
Dette har vore litt av ei helg. Eg har ikkje inntatt så mykje som ein dråpe alkohol, og har heller vore fornuftig og sett film og slikt med vener. I morgon er det mandag, som betyr at eg må tilbake på jobb, og høyre på ungar som gret, samt ho der irriterande jenta som snakkar finbergensk og masar konstant.
Men no må eg seie takk og farvel, for no er det snart West Ham - Tottenham, og det vil eg gjerne ta ein kikk på.
Joy Division - Disorder

onsdag 19. august 2009
he came dancing across the water with his galleons and guns
TJOHEI!
Ja no, altså.
No har eg vore i Oslo og slikt. Der var jo den der Øyafestivalen. Der såg eg mange stilige band, og var med ei som er heilt fantastisk. Eg var også på ein stilig butikk og spelte på ein stilig gitar. Den skal kjøpast når lønninga kjem.
"lønninga? du har då ikkje jobb, Sjur!"
JO DET HAR EG FAKTISK!
No for tida jobbar eg på småbarnsavdelinga i ein b(j)arnehage. Det er slitsomt, og ungane er langt frå like flinke som meg til å prate, og eg må stadig svare dei på spørsmål etter beste evne, sjølv om eg ikkje skjønar noko av kva dei seier. Gud, kor kjekt.
Så sånn er no det.
Premier League er i gong, og sjølvsagt måtte verdas kulaste lag tape i første kamp, takka vere ein upålitelig venstreving, ein sliten midtstoppar, og ikkje minst ein tilbakeståande dommar. not cool. Seinare i kveld slår dei tilbake som aldri før, då dei knuser Stoke 99999999999 - 0.
Epic26 - Perfect Exceeder fordi den er mykje stiligare enn originalen.

lørdag 1. august 2009
HALLO!!!!!
Jadda, folkens!
Du og du, no er det lenge sidan eg har skrive noko her, og endå lenger sidan eg har skrive noko som i det heile tatt kunne vore interessant å lese. Ryktet seier at ei viss ung frøken, som eg vekslar spytt med frå tid til anna, stadig er inn her og ser etter nye innlegg som aldri kjem. Slik skal det ikkje vere, så derfor skriv eg her no.
Kva har skjedd sidan sist? Ikkje stort. Eg har jobba litt, irritert meg over at folk er vekke når eg er heime, men heime når eg er vekke, spelt gitar, spelt risk med folk og vore altfor lite med andre. Når eg nemner risk, så er det fordi eg har ei rimelig komisk fortelling frå i går om akkurat det. Han Halvor var i ferd med å ta over heile verda, og var no i ferd med å kverke han Sondre. Svake som eg og Sondre var, inngikk vi ein avtale om å stå samla mot han Halvor. Når min tur omsider kom, gav eg faen og angreip han stakkars Sondre. Då lo vi alle, utanom Sondre. Det var komisk.
Her i forrige veke bestemte eg meg for å ikkje flytte til Bergen, og heller bli heime i endå eit år. Dette har sine positive og negative sider, merkar eg. Eg får prioritert det som held meg gåande for tida meir, eg tener pengar og slepp å tenke på utgifter. På den andre sida, må eg vere i Førde. Men eg får låne ein bassgitar og eit keyboard det første halvåret, så her kan det dukke opp ein del komisk musikk framover.
Eg som har ferie, har mista heilt tidsbegrepet, og eg merkar at det er laurdag i morgon. Forrige laurdag drakk eg meg lettare full og såg verdas beste band, Motorpsycho. Dei spelte Greener, og ein overlukkeleg Sjur sang med på første rad. I morgon skal eg derimot helle i meg ei flaske raudvin og møte min betre halvdel.
Eg har verkeleg ingenting å skrive om nett no, og derfor reddar eg meg inn med eit bilde av meg sjølv som kosar meg med iskake.
Og heilt til slutt hiver eg inn låta med tidenes mest truverdige "I love you" i.
The Moody Blues - Nights in White Satin

mandag 6. juli 2009
lørdag 27. juni 2009
mandag 15. juni 2009
AIOPFASOF
Ja, no er også eg komen opp i eksamen. Politikk it is. Hurra hurra, ferie på onsdag!
Blue Öyster Cult - Astronomy(Live)
Helsing Sjur.
Blue Öyster Cult - Astronomy(Live)
Helsing Sjur.
lørdag 13. juni 2009
SLIK SKAL DET NO FOR SØREN IKKJE VERE!
Ja, no sit eg altså her og gjer svært lite. Eg har prøvd å gjere noko med det. Eg har nemlig tatt meg ein runde med både Heroes 3 og Half-Life, men så var eg altfor god i Heroes, og eg vart kvalm av Half-Life, utan at eg skjønte kvifor. ÆÆÆFFHHH!!!!
Dessutan er alle aktuelle folk ute(eller på teite stadar som byrjar på H og sluttar med øyanger). Eg er altså heime, og det er not cool. Dessutan har eg ikkje kome opp i munnleg eksamen endå. ÆÆÆFFHHH!!!!!
No skal de sjå... Her er slikt som eg vil ha..
Rickenbacker 330/6
Stilig jakke frå Adidas, som er meint å brukast av folk som veit at det er kult å heie på Liverpool
åååhhhh.......
The Notwist - Consequence
Helsing Sjur.
Dessutan er alle aktuelle folk ute(eller på teite stadar som byrjar på H og sluttar med øyanger). Eg er altså heime, og det er not cool. Dessutan har eg ikkje kome opp i munnleg eksamen endå. ÆÆÆFFHHH!!!!!
No skal de sjå... Her er slikt som eg vil ha..

The Notwist - Consequence
Helsing Sjur.
søndag 7. juni 2009
Jag ser ner på alla som ser ner på dig
Ja, her har det altså gått aldri så heitt for seg.
Eg har hatt siste skriftlege eksamen, noko som gikk riktig så flott, håpar eg. Ellers var eg everywhere på fredag. Førde, Jølster, random stad mellom Førde og Jølster, litt her og der... Fin kveld, fin kveld. Laurdag var det sommarfest i Førde, noko eg ikkje gadd å reise på. Eg drakk meg derimot passeleg berusa og såg mitt snitt til å tilbringe tid med a certain someone. Det var fint og flott.
Juni er i full gong, og i går fann eg fram ei god speleliste på spotify. Den består stort sett av svensk sommarindie, og i slike gode tider som dette, skal ein ikkje klage på det. Eg har også funne ut at eg har ein vanleg skuledag, fotballdagen og munnleg eksamen att av vidaregåande. Happy times, happy times.
Ellers ser eg jo riktig så mykje fram til sommaren, som skal bli den beste sommaren i mitt liv. Det skal bli riktig så flott å avslutte den med Øyafestivalen. ooooooooohyeah!
Moneybrother - Dom Vet Ingenting Om Oss

fredag 29. mai 2009
kaffikaffikaffikaffi
Ja, no har eg altså drukke tre koppar kaffi i dag, og meir skal det bli.
Eg fikk akkurat ein SMS, og det var rått. HEILT rått.
No i det siste(i dag) har eg kun tatt det kuli, sendt elektronisk brev til siviltenesten, spelt gitar, drukke kaffi, tatt eit gjensyn med Unreal Tournament og slått lens. Eg har ete frukost også. Eksamenstid er chill.
The Little Hands of Asphalt - Highway's Pull

tirsdag 26. mai 2009
ÆPIASFGPASFASF
JA NO VAR DET LENGE SIDAN SIST!!!!!!!!
Eg driv med eksamen og slikt for tida, og det er ikkje så verst i grunn.
I dag spelte eg Quake 2 og tenkte på eplekjekke ungar. eg hatar eplekjekke ungar.
Danger - 11h30

onsdag 13. mai 2009
ÅHEIHVORDETGÅR!
No skal eg bort til han Truls for å gjere rå ting, men først skal eg skrive litt her.
I går kom eg til å tenke på korleis det ville vore om eg og Robert Smith(The Cure) hadde starta band. Då skulle det gått heitt for seg på ein uhomofil måte. Nok om det.
I dag har eg stort sett tatt det kuli. I går var eg ute, og då gikk det mykje i luftgitar, vitsar om kjeks(sexforbrytar - kjeksforbrytar, analsex - analkjeks), prat med folk på både eit seriøst og eit useriøst nivå, samt generell øldrikking. Det var jo greit.
No kan du gå ut og vitse med venene dine på to måtar:
sei katt i staden for skatt("hiv ohoi! snart er katten vår!")
sei kjeks i staden for sex("det var delig kjeks. katt skal du ha.")
The Plan - Let's Leave

søndag 10. mai 2009
hipp og kul

You're ten times cooler than Superman
I'm a fan
I think that you are so perfect
perfect
LoFiMan - You're 10 X Cooler Than Superman
Helsing Sjur.
I'm a fan
I think that you are so perfect
perfect
LoFiMan - You're 10 X Cooler Than Superman
Helsing Sjur.
torsdag 7. mai 2009
Mitt første hippe innlegg. JIPPI JIPPI!

but I don't care if you don't
and I don't feel if you don't
and I don't want it if you don't
and I won't say it
if you don't say it first
doo doo doo doo
let's go to bed!
The Cure - Let's go to Bed
Helsing Sjur.
mandag 27. april 2009
lørdag 25. april 2009
IAEGBALSFASF
Halvor har i dag, 25.4.09, skada meg for livet, ved å vise meg Clown Bassie. Sjekk ut http://www.clownbassie.nl/index.htm eller søk på youtube. Eg kjenner eg blir sint.
Markus Krunegård - Jag Är En Vampyr
Helsing Sjur.
Markus Krunegård - Jag Är En Vampyr
Helsing Sjur.
fredag 24. april 2009
Ungar med særs usjarmerande ansikt
Eg er ikkje så komfortabel rundt ungar. Spesielt ikkje når dei ser slik ut:

Det stoppar ikkje der. Ikkje er dei flinke til å teikne heller:

Spoon - I Summon You
Helsing Sjur.

Det stoppar ikkje der. Ikkje er dei flinke til å teikne heller:

Spoon - I Summon You
Helsing Sjur.
tirsdag 21. april 2009
WOOOHOOOOO!!!!!!
Ja, i dag har eg ei gladsak av dimensjonar til dykk.
Dei som hugsar EKSTRA godt, kan kanskje hugse at eg anbefalte The Little Hands of Asphalt i går. I dag kom den der Øyafestivalen og sa at dei hadde booka han til årets festival. KJEMPEGREIER!!!
WOOHOOO!!!
Fighterpilot - Norway

mandag 20. april 2009
Rå dag.
Ja, i dag har eg altså ikkje gjort så mykje. Eg stod opp klokka 08:30, og hadde god tid til å rekke skulen. Eg spanderte på meg eit lite glas vin og litt chips før eg tok til med frukosten. Nei, så kjekt.
Så kom eg til skulen, der eg prata litt om purre og slikt med folk. Dessutan skrytte Ivar og Birte svært mykje av mine kunnskapar innan fag som har med sosiologi og kultur å gjere. Dette trass i at eg ikkje hadde gjort oppgåva eg skulle legge fram for dei. Kjekt.
Så skjedde det! Eg oppdaga ein rå artist på spotify. The Little Hands of Asphalt, som eigentlig heiter Sjur(RÅTT!!!!), er akkurat som Elliot Smith, berre mykje betre. Nei, så gøy. Så då gikk resten av dagen til å lytte til det.
in other news gikk eg rundt i ein time og trudde eg hadde mista iPoden min. Den viste seg å ligge inni ei lomme inni eit omslagsark som låg i bagen til laptopen min. TEIT.
I dag anbefalar eg ikkje berre ei låt, men eit heilt album:
The Little Hands of Asphalt - Leap Years <- SPÅTIFAI-LINX!!!!!

søndag 19. april 2009
tirsdag 14. april 2009
Eit innlegg eg skriv KUN for å skrive eit innlegg.
Ja, no har eg altså ete middag og pirka litt i tennene mine med ein liten kvist, populært kalla tannpirkar, og no ser eg fram til ein kopp kaffi. HURRA!
I dag var det sabla fint vær, noko eg og han Trygve feira ved å kjøpe oss ei flaske med vin, som vi delte broderlig langs elva i solskinn, før vi gikk kvar til oss. Det er så flott med slikt, for med ekte mannelever, kan ein ta seg ei halv flaske vin utan å bli heilt kokelimonke, og då er det kun stas å ligge nede langs elva og kose seg på ein uhomofil måte.
Sommaren viser seg jo så smått, og dette feirar eg med å skru på litt Mishka, som er flott å høyre på når våren gjer deg ung og kåt.
Mishka - Lonely

fredag 10. april 2009
HEI OG HÅ!
Ja, her går det unna.
No er eg altså her heime, og her går det i RÅ rock som er så frekk at den får barten til å krølle seg og skinnbuksene til å følast som ein sliten oter tvinna rundt dei ømme låra mine. Eg høyrer sjølvsagt på ting som Whitesnake og Van Halen.
I går var eg ute, og det gikk heitt for seg. Eg starta på Hyllestad, drakk i bilen til Førde, stakk på vors, stakk på tresken og pikant, for så å herje litt og stikke opp til han Anders på nach. Det var jo fint og flott. Det var nesten så eg kunne kjenne barten gro medan eg styrte på.
No har eg plutselig ikkje tid til å skrive meir, for no skal eg drikke kaffi. TJOHO!
Sonic Youth - Superstar (cover av den knallstilige Carpenters-låta)

onsdag 8. april 2009
Fy flatland
Motorpsycho må vere verdas beste band, og Timothy's Monster må vere verdas beste album
Now it's time to skate:
Wearing Yr Smell:
Watersound:
Damn, eg elskar dette bandet.
Al Stewart - Year of the Cat
Helsing Sjur.
Now it's time to skate:
Wearing Yr Smell:
Watersound:
Damn, eg elskar dette bandet.
Al Stewart - Year of the Cat
Helsing Sjur.
tirsdag 7. april 2009
TJODELIODELIO!

Dette er eit rasande flott album, og nok eit bevis på at Johnny Marr er verdas beste gitarist.
Det eg derimot ikkje synest er så rasande flott, er alle desse bilda på facebook der folk på død og liv skal tagge alle sine vener. "HEHEHEHE EG TAGA DEG SÅM DE FØNI ONE!!! HEHEHE!!!". Kjempemorosamt. Trur de verkeleg at det er så kjekt for dei som vert tagga? Dei tenker kanskje "hurra! Endelig har han lagt ut bilda frå den gongen vi kasta stein i vatnet!" i det dei ser at dei har blitt tagga, men så får dei berre nok eit slikt tafatt bilete slengt i ansiktet. NEI GRØS ÅG GRU seier no berre eg.
Radiohead - Banana Co
Helsing Sjur.
mandag 6. april 2009
søndag 5. april 2009
SÅ SÅNN ER NO DET
Jadda. Då var det søndag, og eg gjer fint lite. No sit eg altså her og høyrer på musikk medan eg tar det kuli og tenker på å koke meg litt te. Dette gjer eg fordi eg likar musikk og te.
I går var eg ute, og det var no eigentlig greit. Eg vart offer for eit menneske utan sosial intelligens, og det var jo rimelig komisk på sin måte. Så stakk eg heim. Vel heime høyrde eg litt på Depeche Mode og sovna. Det er iallefall slik eg hugsar det.
I dag har eg stort sett gjort ingenting, og det har eg tenkt til å halde fram med. Dette blir gøy. Følg med!
I dag skal eg ta å anbefale ei perle av ei låt, som eg likar svært godt:
Percy Sledge - When A Man Loves A Woman

onsdag 1. april 2009
shpJMWGRKIA
JADDA. No skal eg altså skrive eit spanande og nervepirrande innlegg om noko eg trur dei ALLER fleste i verda slit med, og irriterer seg grusomt mykje over. Eit problem vi alle har vore ute for, og som vi alle mest sannsynleg har vore med på å vidareføre sjølv. Eg snakkar sjølvsagt, som du sikkert allereie hadde skjønt, om det med at folk pratar om ting du ikkje skjønar deg på.
Dette problemet har eg vore ute for altfor mange gonger, og no har eg fått nok. Enten det er tennis, bil, fysikk, biologi, samanhengen mellom dårlig vær og god tannhygiene eller trening, er det like forbaska fjernt for meg. Eg trur mange andre føler det slik, dei også. Eit ytterst brillefint døme på ein slik situasjon, er når to vener(eg skal ikkje nemne namn, men vi kan kalle dei Halvor Erdal og Sondre Hilde) har kome heim på perm frå militæret og med ytterst stor glede fortel kvarandre om våpen, ammunisjon, springing og anna fjas eg ikkje skjønar meg på. Det som skjer, er at eg rett og slett byrjar å kjede meg, og då kan det skje ein av to ting:
1. eg byrjar å prate intenst om noko anna, utan mål og meining.
2. Eg lagar ein høg lyd som signaliserer at dette er heilt forbanna møkkakjedelig, og at det må bli ein slutt på dette. Eg går som oftast for dette.
Sjølv har eg prata mykje om ting andre ikkje forstår seg på. Det skal ikkje stikkast under ein stol/miljøarbeider(stryk det som ikkje passar) at eg har lett for å prate entusiastisk om gitarar, Liverpool, Pink Floyd eller noko rått eg opplevde dagen i førvegen. Eg vil herved seie SORRY BORRY til alle som har blitt utsett for dette, og eg lovar at det vil gjenta seg gong på gong.
For å lage litt romantisk stemning i de tusen hjem, skal eg anbefale ei godlåt her i dag:
The Smiths - There is a Light That Never Goes Out

tirsdag 31. mars 2009
TJOOOOOOOOOO!!!!!!
Eg skal ha meg nye briller, og eg skal lese til Kommunikasjon og Kultur(aka faget der alt MÅ på død og liv vinklast på ein måte som får oss stakkars menn til å sjå ut som beist med ingen andre mål i livet enn å trakke på kvinner. koman! eg ELSKAR jo kvinner! Vi lever i 2009! Sprekk 70talsbobla di, fru lærerinne!). jadda.
POENGET ER:
- resten av dagen = not cool
- meg + briller = cool
Nokon burde ta knekken på Manowar, fanskaren deira(finst den eigentlig?) og andre band av den typen. Eg meiner, 50-60 år gamle menn som kler seg opp i noko som kunne sett ut som Conan-inspirerte gaysexoutfits og syng om sverd, dragar, slagmarker, økser og magi...
BROTHERS EVERYWHERE! RAISE YOUR HANDS INTO THE AIR! WE'RE WARRIORS! WARRIORS OF THE WORLD!
Morrissey - Everyday is Like Sunday

Lat oss sjå tilbake på det herrens år 2007
2007 var litt av eit år. Eg ramla og slo meg, eg såg Rolling Stones, eg kasta stein i vatnet ÅGSÅVIDERE.
Poenget er at den skikkelig rå indierockbanden Dinosaur Jr. gav ut albumet Beyond, og det synest eg at du skal sjekke ut. jeppjepp!! Legenden fortel at dei spelte på Øyafestivalen i fjor, men der var ikkje eg, så eg fikk ikkje sett dei. Det var jo relativt leit.
Elles har eg fjerna ei visdomstann i dag, og det var jo sabla kjekke greier. Heilt til bedøvinga gikk ut. Det gjorde vondt, og eg fikk mest lyst til å male ein oter i sinne. NOT COOL. Eg kom til skulen med ein stor blodabsorberande dott i munnen, og eg såg ut som ein fisk. Det må ha vore litt av eit syn. Ikkje berre må eg leve på smertestillande i to-tre dagar. Nei, eg må søren meg ete skikkelig kjip mat også. ææææfhhdh!!
Elliott Smith - Son of Sam

søndag 29. mars 2009
SJÅ HER, JENTER!
No har eg altså ordna både fargar og profilinformasjon, og ordna header. No synest eg bloggen byrjar å bli riktig så elskbar, og eg vert ikkje overraska om de på grunn av dette vert forelska i meg.
The Bravery - The Ocean
Helsing Sjur.
The Bravery - The Ocean
Helsing Sjur.
torsdag 26. mars 2009
Nei, dette må det bli slutt på.
Dei som kjenner meg, veit at dette med trening er eit tungt tema for meg. Eg synest det er fjasete og lite givande å ligge og dra i ting med så og så høg vekt. Då dreg eg heller i andre ting(Nei, ikkje penisar. Tau, halen til katten, skjegget mitt eller ledningar er betre døme). Trass i dette, synest eg at det er fæla flott å gå tur. Det var nettopp det eg svei av ein god halvtime på no i kveld. Eg gikk frå huset mitt, ned til barneskulen, ned der med Vie og opp i Vieåsen, for så å returnere heim(eg veit du bryr deg). Slikt er ein ypperleg sjanse til å skru på litt god musikk, tenke over ting og til å gjere det eg aller helst vil; sjå på damene.
Dette med å sjå på damene er ein aktivitet eg brukar mykje energi på. Og når ein går tur, er det endå kjekkare. Då kan ein sjå dei i auga, lette på hatten og seie "jaså, unge frue? De er ude og gaar eres aftenrunde?" eller ein kan gjere noko anna. Med slike triks kan ein ikkje berre utvide sin sosiale krets - nei, ein kan tilogmed finne sin neste brud. Slik gikk det altså ikkje med meg i kveld. Eg såg ikkje ei einaste vakker kvinne, og heller ikkje kvinner som såg ut til å vere heilt fantastiske på innsida, trass i ein ikkje like vakker utsjånad. Alt eg fikk sjå, var middelaldrande kvinner som gikk tur med hundane sine, lite tiltrekkande kvinner, og folk som jogga i ei heidundrande fart. Dette synest eg er heilt forkasteleg.
Catherine Wheel - Gasoline

onsdag 25. mars 2009
FEM HEILT RÅ ALBUM!!!
Dette er eit innlegg eg fikk så sabla lyst til å skrive.
Ride - Going Blank Again [shoegaze/alternative/indie]

The Smiths - Meat is Murder [indie/alternative]
.jpeg)
Radiohead - OK Computer [rett og slett berre Radiohead]

The Bravery - The Bravery [alternative/indie]

Og til slutt, det beste albumet nokon gong:
Motorpsycho - Timothy's Monster [alternative]

sjekk ut, sjekk ut!
David Kitt - One Clear Way

nu schald I höre
I dag var det skidag. Sjølv er eg ikkje så begeistra for skidagar, og synest det er eit årlig gjenmøte med snøen ein akkurat har jubla for at forsvann frå hagen. Dessutan er det kaldt å sitte i snø, og skigåing er ein heller lite tiltrekkande aktivitet. Eg vart stort sett sittande i ro med ein kopp kaffi.
Elles vart Eagles of Death Metal annonsert til Roskilde, som det første bandet som har fått meg til å seie "TJOHO!" inni meg. Kanye West vart også annonsert, men dette har eg noko blanda kjensler angåande.
Caesars - It's Not The Fall That Hurts

mandag 23. mars 2009
HEI SVEIS
Her i dag sa han Truls at eg måtte skrive ein biografi. Det skal eg sørenmeg gjere.
Som ein forsmak, kjem hendingar frå livet mitt her(høgdepunkt i bold):
1989: eg kjem til verda, og det er jo sabla stas
1992: eg vert tre år, har langt lyst hår, og ser generelt kjekk ut. Ein gong på sommaren kler eg meg opp i rå manneklede og dansar i stova. I denne perioden kledde eg meg også opp i kvinneklede og dansa i stova.
1993 og 1994: pottesveis og lego.
1995: eg vert storkar, og byrjar på skulen. Der skjer det mykje rått.
1996: eg lærer meg å rekne og å skrive løkkeskrift(dette lærte eg aldri), og er ein kjekk ung kar.
1997: Eg får ein svært kristen lærar, gjer tull og tøys i skogen, og får føttene mine vaska av den kristne læraren.
1998: Eg vert tatt for røyking på skulen sitt område. Gangsta som faen. Eg blir svært på hugget når det kjem til dinosaurar.
1999: Eg vert tatt for å gjere hærverk på skulen. Framleis gangsta som faen.
2000: Eg vert sendt til psykolog eller noko i regi av skulen(dette veit eg jævla lite om den dag i dag. Eg har aldri tenkt spesielt over det, og veit ikkje kvifor dette skjedde). Ellers får eg lystgass, og det er sabla kjekke greier.
2001: Eg blør sabla mykje frå ein finger.
2002: Håret gror, Queens of the Stone Age trer for alvor inn i livet mitt, og eg byrjar på ungdomsskulen. Der møter eg Halvor, og då bryjar ting å ta form. Eg byrjar å spele gitar.
2003: eg og halvor herjer. Eg høyrer på variert og kjip musikk.
2004: mykje herjing. Eg er full for første gong. Kjekt. Sugarhill Gang live.
2005: Eg byrjar å høyre på god musikk igjen, og ting er bra. Eg byrjar på teikning, form og farge, noko eg aldri skulle gjort. Eg og Sebastian får horer på døra vår i Praha. Fiffig. Eg kjøper meg elektrisk gitar.
2006: EG FÅR SKJEGG. Eg er meir på hugget angåande indierock, oppdagar Motorpsycho, byrjar på allmenn og drikk alkohol i store mengder. Eg lærer også korleis det er å ha salmonella. Kjekt. Eg vert sleika i øyret, og er framleis traumatisert.
2007: Ei veke i telt på ein gjørmete festival. HERLIG(ikkje ironi. kjekt å tenke tilbake på) Rolling Stones live. Eg slår av ein prat med Doug Martsch, og finn ut at gitarheltar kan vere hyggelige.
2008: RÅTT. HELT RÅTT. Radiohead live.
2009: Fryd og gammen. Kvinner ser bra ut, og eg har fått meg ny gitar. Ein som heiter Ivar dukkar opp midt på natta og legg seg i same seng som meg.
Som de ser, har eg levd eit rock n roll liv, og biografien vil bli ein suksess.
No skal eg legge til ei godlåt på slutten av innlegg og slikt. RÅTT.
[MUSIC FOR ANIMALS - LOVELOVELOVE] den kan du høyre på http://www.myspace.com/musicforanimals

søndag 22. mars 2009
For eit liv
5-0 over Aston Villa, folkens. SKJØNAR DE NO AT LIVERPOOL ER DET BESTE LAGET I VERDA!?
Ellers merkar eg berre at ting generelt er rått, kvinner byrjar å sjå bra ut, våren er her og eg byrjar å få ting på stell. Det er eit godt liv.

fredag 20. mars 2009
Jadda, kvinner!
Nesten eit år seinare, returnerte vår mann, vår messias, eller berre Sjur, om du vil, til denne bloggen for å skrive noko nytt.
Høyr her.
No tar eg det kuli med Nick Cave, snus og sjokomjølk medan eg skriv ferdig ein norsktekst. Det er ikkje så verst i grunn, sjølv om eg har svært lyst til å spele gitar og Stronghold.
Det får halde for denne gong.

Abonner på:
Innlegg (Atom)